torsdag 10. september 2009

Tann i manko...

Gjett om det var jubel i taket. Skuleguten har endeleg mista si første fortann. Vi har hatt ein travel kveld med rikking av tanna.





Veslesyster inspiserer fortanna til Marcus. I følgje ho sjølv er det "rett før" ho og mistar ei tann nede...? No ligg tanna i vant, og etter tips frå denne bloggen skreiv Marcus brev til tannfeen.

SITAT:
Hei tannfeen!
Etter at du har sett tanna mi har eg lyst til å legge den i tannglasset.
Klem Marcus...
Med dette håpar han på nokre kroner samtidig som at han får behalde tanna si... Eg kan informere om at tannfeen no har vore innom med EURO til haustferien.... tihi. Veslesyster Aurora var bekymra for at tannfeen ikkje kom seg inn i natt.. Marcus kunne då informere ho om at tannfeen var magisk og kom seg inn uansett om dørene var låst..
Klem Frøydis

6 kommentarer:

Merete sa...

så herlege bilder og forteljing!! stas å miste fyste tanna :)

Anonym sa...

Å kor søt! Stor stas med nye store tenner. Kanskje dei blir lika store og flotte som mosto sine...hahahaha...tannfeen har nok spedd på med nokre euro då tenkjer eg. Klem mosto

SNILLPIKE♥ sa...

Så koseleg, dei har svar på da meste desse små. Fin helg til deg.

Helen sa...

Hehe, endelig! Tipper du har en stolt gutt i senga nå.
Det første han kommer til å gjøre er nok å sjekke tannglasset i morgen tidlig.
Herlig med barnetro!
Hilsen Helen

Lene sa...

Nydelig disse tannløse smilene! Det er en herlig periode som mann alltid husker med et smil!

God helg! Lene

Anonym sa...

For en koselig og lun blogg dere har laget. Kreativt å være flere. Søt liten gutt med hull i tannrekken. Kommer igjen veldig snart. Hilsen Marit.

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!