Ting skjer i kjellaren og tru det eller ei så nærmer vi oss ferdige "down under".
No er stort sett alt malt ferdig og det gjenstår flising på kjøkken, sparkling/maling av gibstak og maling av kjøkkenfrontar på kjøkken. Er vi VELDIG optimistiske så er vesle broremann i hus over helga. MEN, då er vi veldig optimistiske.
Er vi realistiske så er han i hus neste onsdag:). Håpar det, hadde vore kjekt å fått onkel på plass. Ungane gledar seg, og det gjere naturlegvis vi òg. Disse bileta er tatt for over ei veke sidan, og mykje er blitt gjort sidan dette.
Veggane er malt i fargen "refleksjon" og karmane er kvite. Vi er framleis i heftig diskusjon om golvet skal pussast og kvitoljast eller om det skal malast i ein lys grå farge?!!?????
Så no kan du kjære bloggar/gjest få vera med å bestemme. Ville du malt golvet lyst, eller pussa det og oljebehandla det? Legg igjen ein kommentar så kan eg telje opp i morgon kveld... Håpar på å få eit par kommentarar om ikkje meir...fniiis.
Glasbyggestein ved sida av inngangsdøra. Kjempe stilig!!!!
Soverommet er stort sett ferdig, og blei lyst og luftig.
HA EI FIN VEKE.
Klem Gunilla
8 kommentarer:
Eg går for maling. Ser på mange bloggar at dei male omtrent alle typar golv. Og da e spanande og kjekt å prøve noko nytt! Lykke te!
Trur eg "heller" mot maling.
Grått kanskje??
Mams
Mal!!!
V
Eg ville definitivt malt.
Sista
Stemmer for pussing og kvitoljing!Men ser eg er i mindretall.
Klem fra Mira.
Hei Hei!
Så Utrulig FINT!!!!
Trass masse arbeid så ville eg definetivt ha benytta meg av lunheten som tre gir og pussa da og kvitlakka da! Merk, lakka pga arbeidet eit olja gulv krever. Med matt lakk:) Lykke til! Love u
Eg ville ha kvitolja det...
Jeg hadde gått for hvitoljet eller hvitlakket...Min erfaring med hvitmalte gulv, er at de ser så utrolig fort skitne ut...Men om du maler grått så blir det sikkert ikke ett så stort problem..
Gleder meg til å se resultatet...er det broremann som leietager der nede eller?
God helg til dere!!
Klem M
Legg inn en kommentar