mandag 18. oktober 2010

Dåp!

Til helga skal alle "tre kusiner" i dåp. Då ser vi fram til god mat og godt selskap med familie og vener.

Vår kjære Lotta skal døypast og i den anledning så skal to av kusinene og Heidi (tvilling bestis) gi dette herlege biletet som er malt av Bjørg Thoraldottir. Ho har masse flotte bileter som passar til både liten og stor.

Tittelen på biletet er KJÆRLEIK VED FØRSTE BLIKK!


Kva passar vel betre til eit lite born? Det er verkeleg kjærleik å bli foreldre...

Stor klem frå den eksamenslesande Gunilla

søndag 17. oktober 2010

Å Vestland, Vestland........


I helga har vi hatt da flottaste hausteveret her på Vestlandet. Ingen plass er så fin som her då!! I dag har da vore arrangert Varden Opp. Dei sprekaste spring opp og vi andre tusler. Eg tok dei to største med meg og gjekk med bestemor og Henriette. Madly på 3 syns da blei ein lang tur men mammo syns ho var kjempe flink.

Vi tar den tid vi treng........
Pause i bakken med litt påfyll av energi.

Vi må registrera oss i boko. Pizzahorn pause her.

Konrad og Henriette på toppen av Varden!!! Bestemor og Madly venta på oss nede i Trollskogen. Der syns Madly ho hadde gått langt nok.

I går var eg og dei to store på skogstur til Verdens ende. Så vi har nytt haustveret til fulle og gitt blanke i at badet skulle hatt seg ein omgang med såpa....... Pappen i huset har lest til eksamen, så badet treng fortsatt såpa!!!!

Ha ein fin søndagskveld.
Klem V

lørdag 16. oktober 2010

Så var det helg igjen!

Det er vel ikkje til å stikka under ein stol at det er travelt å vera trebarnsmamma. Kjekt, men travelt! *fnis* Dei største gullungane i familien hatt haustferie, så her har det vore full rulle og stormande jubel heile veka. Det er SUPER kjekt å finna på litt ekstra når vi har ferie, så her har vi hatt liggebesøk, vore på liggebesøk, hatt middagsbesøk, vore på middagsbesøk, vore med tante Tine og Co til "Eventyrland"(Mauranger) vore med June på fisketur, vore på nistemattur med mosto og Co..Ja vi har kost oss masse i det fine vestlandsveret.

No som vi har baby i huset igjen har eg fått låna ein del strikkakle eg sjølv laga til mine eigne tantebarn. Dei har eg tatt meg tid til å merke med mine eigne namnelappar. For å seia det slik; det er vel og lenge til eg er tom, for produksjonen har pussig nok stoppa opp om dagen:)




Les meir om namnelappane her.

Det har vore mindre tid til bloggen, men eg vonar vi kjem sterkt tilbake.

Ha ein deilig sundag!

Stor klem F

onsdag 13. oktober 2010

Scones til frukost!

Idag har meg og Marcus laga heimelaga scones til frukost. Dette blir også kalla hastebrød sidan dei er raske og bake og fordi dei ikkje treng heving. Brødet har kort holdbarhet og er absolutt best samme dag....






Eg deler gjerne oppskrifta med dåke:
(DAMMS STORE BAKEBOK)

SCONES
16 stk. (4 leiver)

8-9 dl kveitemjøl
1 ts salt
5 ts bakepulver
100 gr. margarin
4 dl mjølk
(rosiner om ynskjeleg)

ovnstemperatur 250 C, i 12-15 min. (takk Monica)




1. Begynn med å måle opp dei tørre ingrediensane i bakebollen. Smuldre fettet i det tørre.

2. Arbeid røra i nokre minuttar til den har blitt kornet. Tilett mjølka og kna.

3. Klem den lause deigen direkte ut på bakepapiret og form til runde leiver.

4. Bruk spore el. kniv til å dele dei i fire, utan at snitten går heilt gjennom.

Masse lukka til!

Klem Frøydis

fredag 8. oktober 2010

Velkomen til verda vesle.......

prinsesse!!

Idag har Lotta, mormor og meg kost oss skikkelig. Dagen byrja med at vi tre jentene hadde oss ein trimtur rundt bygda. Endeleg kom sola igjen og gradestokken bikka såvidt 20 grader. Hærlig!

Etter turen fekk eg servert ferske rundtykker hos mamsen. Godt å bli dulla med sjølv om ein nærmar seg 30 med stormskritt. Etter ein god lunsj gjekk ferda vidare på babybesøk. Familien Moberg har nemlig fått sitt aller første barnebarn og det er jo stor stas for heile familien. GRATULERA SÅ KJEMPE MASSE TIL ALLE!



Ei avslappa nydeleg lita jente...likna på mammo si...



Kjempe søt takløk på trappa hos tante GM.



Fargerike muffins.



Tenk at Lotta no er 4 mnd. Ho såg ut som ein konfirmant atmed den vesle nykomlingen...tihi

No gler vi oss til helga og det store STILETTHÆLRACET i Uskedalen. Vi håpar været blir som lova og at mange tar turen denne dagen.

Klem Frøydis

tirsdag 5. oktober 2010

Pizzahorn..

Med dette vestlandsveret må ein finna på inneaktivitetar som tar nokre timar! Måndag var den store bakedagen her i huset. Det er jammen godt å fylla opp frysen med pizza/pølsehorn. Ungane blir så hoppande glade når den kjedelige nista blir erstatta med bakst frå ho mor...hehe.

Eg googla etter oppskrift og kom tilfeldigvis over denne på bloggen SNILLPIKE.


Pizzahorn i fleng!

<3
Vesle Lotta låg i vogna atmed meg og sprelte med tærne, gnagde på leiker, pludra og kosa seg. Heldige meg!

Frøydis

mandag 4. oktober 2010

OLIDA 1 ÅR


Gratulera med 1 årsdagen vetla gullet vårt!!!!


Eg har sete og mimra og sett på bilder og syns det er kjempe rart at det er 1 år sio detta bilde vart teke. Eg syns nett eg gjekk å venta på gullet som hadde såååååååå god tid. No har ho ikkje god tid lenger og stabber rundt her!!!

Bamsen så stora søstera kjøpte når vi venta på babyen har vore god å ha når ein skal sova. Enten da er å kasta den på golvet eller kosa med den.
Bare verdens finaste jenta

Full konsentrasjon på stranda i sommar.
Ha ei fin veka.
Klem V

Har du meldt deg på!?


Trykk på plakaten for meir informasjon!
TEST
Veret for laurdag finn du her.
TEST
Dette blir knallkjekt.

fredag 1. oktober 2010

Molle 5 år!


Det er både FANTASTISK og litt vemodig når ungane plutselig har blitt så store. Det er jammen ikkje lett å sleppa taket....litt etter litt får dei prøva seg på eiga hand ut i den store verda... TE

Idag fyller Molle endeleg 5 år. Vi er så glade for å ha dåke så nær, og vi gler oss stort til feiring i Kråkeslottet i morgon!





HIPP HIPP HURRA FOR MOLLE 5 ÅR!

Klem fra oss i Hagen

onsdag 29. september 2010

Tusen takk for alle bryllupsgåvene!




Vesleguten smakar på staudane...

5 - åringen kosar seg i haustsol! 


Eg ynskjer å takke alle dei kjekke venene, familien, og elles kjente og kjære for utruleg masse flotte gåver, gåvekort, pengar, blomar, m.m. 

TUSEN TAKK! 

Klem frå fru Hillestad og mann 

tirsdag 28. september 2010

AURORA vår!

Alltid sprudlande

Utruleg søt

Rungande god

Omsorgsfull

Rampete

Aktiv og sjarmerande

Den skjønne 6 åringen! 

Veslesøster sine tåsar! 

Eg syns nettopp du kom til verda, og i dag er du 6 år? Stor feiring i grendahuset saman med ein kjekk skulekamerat.

5-åringen i huset har hatt "the time of her life" i dag. Masse kjekke leikar, kaker, brus, pølsa, snille foreldre og SOLSKINN

Livet er ein lek for disse småtassane, ein fantastisk alder.

Tusen takk for ei fin feiring AURORA ++.

Klem frå oss i kråkeslottet

mandag 27. september 2010

Honningrista müsli

Her i heimen har skuleguten og eg lagt vår elsk på ein heimalaga frokostblanding. Knall god og eg innbiller meg at den er sunnare og! Har laga 5 ganger dei siste vekene så ein kan trygt sei denne har slått ann.

150 g store havregryn (ikkje lettkokte)
25 g skivede mandla
25 g hakka valnøtter
25 g knuste linfrø
25 g hakka pekannøtter
25 g blansjerte hasselnøtter (vil sei kok opp vatn, ha nøttene i ca 30 sek og over i kaldt. Eg gidde ikkje da..... bare hakka dei eg. Går veldig fint.......)
25 g gresskarfrøkjerner
25 g solsikkefrø
200 g honning
2 ss solsikkeolja

Bland alle tørre ingrediensene. Varm forsiktig opp honning og olja. Bland dette godt med dei tørre. Spre blandinga på eit bakepapir på steikeplata. Steik på 175 grader i 15 - 20 min. I min ovn må dei ha 20 min. Den skal vera djup gyllen, ikkje mørkebrun. La den kjølna på plata, virker klisete når du tar blandinga ut av ovnen men blir sprø når den blir kald. Ha over i lufttett beholder (Norges glas nyttar eg)

Før steiking


Her hos oss eter vi den med skumma kultur på !!!!
Sundt og godt!
Ha ei fin veka.
Klem V

torsdag 23. september 2010

Har du stilettsko? Vinn 10.000 kr.

TEST

Laurdag 9. oktober kan du vera med på ein konkurranse av dei sjeldne. Har du nokre gamle stiletthelar liggande på loftet? Hent dei fram og start øvinga...


Disse flotte damene med fleire arrangerar ein kreativ konkurranse, les meir her.




300 meter og kanskje 10.000 kr rikare? Fantastisk!


HEIA SPAR USKEDALEN OG IKKJE MINST ALLE DELTAKARANE SOM BLIR MED I KONKURRANSEN.


Klem frå søstrene sisters

onsdag 22. september 2010

Heldige Lotta!

- som har fått SÅÅÅ masse fint fra slekt, vener og elles kjende og kjære!

Det er ganske uvirkeleg at vesle Lotta nærmar seg 4 mnd. På mange måtar føles det som vi har hatt ho heile livet... Ho høyrer liksom til her hos oss.


TEST
Desse vimplane har Lotta fått som "velkomstgåve" frå mi gode venninne Heidi, som også er gudmamma for vesle Frøken Fryd.
Eg elskar vimplar av denne typen, og ingenting er så sjarmerande så heimelaga gåver...!
TEST


Tusen takk for mange kjekke gåver. Takkekort er ikkje så langt unna! Men som eg har nevnt tidligare er det vel ingenting som er så travelt som å ha fri...*fnis*
TEST
"Sånn går no dagan!"
TESTESTT
Ha ein fin fin veke folkens!
TEST
Stor klem Frøydis

lørdag 18. september 2010

Bakedag!

Det duftar godt i heile huset, vi har nemlig fått bakedilla. Etter frukost sette vi 3 store bolledeigar. I dette vestlandsveret kan det bli lange dagar innandørs, så vi er heilt nødt til å finna på noko for å sprite opp dagen...
Ungane er KJEMPE glade i å bake, og klarar å lage kanelbollar HEILT aleine. Dei kjevlar, smører, strør, kutter og fordeler i former..
TEST


LOTTA
BOLLAR

LOTTATEST
Den ynsgte prinsessa sitt i vippestolen sin og studerer alt som skjer rundt ho medan ho gnager på fingrane og suger på tommeltotten! SÅ SØT..Om eit år eller to er det sikkert deig og mjøl over heile kjøkkenet etter ei slik bakeøkt. *fnis*
TEST
God klem fra Frøydis

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 6 år siden
  • daffedag - av og te så får eg da for meg at eg skal bli så sporty og sprek liksom, glemma alt som hette migrene og elendighet - frisk luft vil gjera meg så bra a...
    for 9 år siden
  • Løvli sjal. - Dette sjalet heter Løvli og har en flott løvkant. Det er strikket i Drops Baby Merino på pinne 5. Det er _strikkelisa_ som har laget mønsteret (samme ...
    for 10 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 10 år siden
  • Et lite tre... - På veggen! Et slags juletre har kommet opp på veggen! Vi har pyntet det med gamle julekuler, hjemmelagde snømenn og andre duppeditter!
    for 10 år siden
  • Julekalender 2015: med et lite glimt fra kjøkkenet - Med to små halvsyke her hjemme idag, så blir det halvdårlige mobilbilder her på bloggen. Is og pepperkakehjerter, det hjelper iallefall når en liten er...
    for 10 år siden
  • B R A I D S - B R A I D S Naturlig pynt plukka langs hagegjerdet. Strå i lange fletter. Sola som skin. Handmade is the new black. ❤
    for 11 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og p...
    for 12 år siden
  • -
    for 12 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 12 år siden
  • Sjølvforsynt - Eg er så frekk at eg legg ut eit bilete av nokon andre sin kjøkkenhage! (Det er ikkje ein gong eg som har teke biletet...) Mi inspirasjonskjelde! Her g...
    for 13 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 13 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 13 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 14 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 15 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!