Måtte vi få lika fin vinter i år som i fjor.
Dette er den koselege nissen som flyttar seg rundt i huset og gjere mykje rart:).
I dag har vi vore på loftet og henta julestjerna, adventstaken, luciatoget og julabyen. Ungane var i ekstase, for no forstår dei at jula faktisk nærmar seg.
Dagen byrja med årsfest i gymsalen, pølser, saft, kaka og nissebesøk! Det var utruleg spanande.
Etterpå hadde vi ein impulsiv julaverkstad, og skal sei ungane produserte. Lykter, bileter og anna flott kunst:).
I kveld har vi vore på lysfest hos mamma og pappa. Det var stor stas for liten og stor. Der fekk vi servert pizzahorn, potetkaker med sylteflesk (vår bessen si oppskrift...mmmm....), lappar med syltetøy eller krem, julabrus og kakao. Ungane måtte også leita etter kvar sin godtepose. Kjempe stas.
Skal sei pappa hadde pynta huset for sesongen, masse flotte julalys.
No er det berre for naboane og hiva seg rundt? Tihi...
Eg tok ein del bileter der nede, men det mest velukka for kvelden tok Margrethe medan vi vaksne måtte stilla oss opp.
Minnene har vi med oss og så håpar vi på at dette kan bli nok ein tradisjon.
Klem frå Gunilla
4 kommentarer:
ÅÅå.. så koselig!
Eg får rett å slett litt julastemning når eg kikke ut glaset og snøen lava ned.. og samtidig høyre den nye Maria Mena sangen i bakgrunnen... *Glede*
Eg håpe da kjeme et melis dryss over Kvinnherad òg før eg kjem heim til jul.. ellers så får me pakka med oss litt i takboksen :P
God adventstid!
*Kjersti*
Som vanlig nærmar det seg midnatt og fru Mathisen er klar for å blogga...men kven andre enn systo har blogga om samme tema? Kjempe koslig. Eg må visst henta ein stor brake i morgon tidlig, så mykje vi får litt lys rundt dørene.
No er det straks leggetid, i natt har eg ei lita prinsesse oppi senga og ein litt mindre prinsesse rett atmed senga, men som heilt sikkert kjem oppi til oss i løpet av natta:) Litt stas når papsen er på natt og storebror er vekke på liggebesøk:)
Klem F
Nice photos of your family! Miss ya' lots:)
Så koselig :-) ha en fantastisk adventstid!!!!! Mange klemmer fra meg
Legg inn en kommentar