No er vi heime i vakre Noreg igjen etter ein fantastisk bryllupstur til Spania. Vi sit igjen med eit hav av gode minner og mange tusen bileter.
Ingenting er som å vere på ferie med dei aller næraste, bu under samme tak, herlege felles måltid, småprating, friske diskusjonar (for dei kunnskapsrike), bading, soling, shopping, familiekos og litt til. Vi er utruleg heldige som har slik ein fantastisk familie, gode vener og snille ungar.
Kvar kveld har eit kokketeam på to diska opp dei herlegaste måltida, der den eine amatørkokken har kniva og overgått den andre. Kjekt og utruleg lærerikt og godt:) Herlege rettar som spansk omelett, lammegryte, grillmat, fisk, paella, spanske kjøttbollar, wok, tapas, burritos, etc. har stått på menyen. Utover hausten skal eg leggja ut bileter og oppskrifter på rettane. Mmmm....
Om du vil ta ein kikk på nokre av bileta kan du klikke på denne linken bryllupsbileter og laste ned eit slideshow.
Eg ynskjer å benytta anledningen til å takka alle dei fantastiske sjelene som har vore med oss på turen!
Dette har vore to uforgløymlege veker, og no gledar vi oss hemningslaust til å motta filmen frå Mr. Tofte.
TUSEN TAKK!
Klem frå familien Nilsen Hillestad
7 kommentarer:
Gratulera så masse som nygifte!
Bildene va heilt nydelige, og det va jo umulig å ikkje bli rørt her ;)
Åååå! For ein ferie Gunilla:) dåke er fantastiske! Takk for to hærlige veker! Klem Nilsen Mathisen
Gratulerer så mye til dere begge! Nå har Jon og jeg sett på bildeserien - så vakkert!
Utrolig flotte bilder, fantastisk fotograf! Utrolig flotte minner! Dere er bare så flotte begge to!
Det så ut som en helt fantastisk dag!
Stor klem fra begge oss til begge dere!
Hei alle!!
Fantastisk kjekt!! Gjenopplever heile festen ved denne linken. Og då har vi i tillegg alle dei andre dagane i vente med bildeshow:)
Vi hadde flotte dagar med flotte folk. Vil anbefale på det sterkaste at alle tar ein tur der familien kan vera isaman. Det knytter sterke bånd. Vi var i tillegg heldige som fekk vera isamen med familien Hillestad, store og små:)Heide m/Familie og Kjetil m /familie. Det var ein stor bonus for oss alle:) Tusen tusen takk til alle!! Mamma (Nilsen)
Gratulerer til dåke begge. Nydelig feiring ser det ut som dåke har hatt. Nyt dagane framover.
http://clickverse.blogspot.com/
Takk for at du deler så flotte bilder med oss!! Gratulera så masse!!
Klem fra Monica
Legg inn en kommentar