Endeleg sumartemperatur og badever for dei minste. Sidan bassenget frå i fjor endå ikkje er erstatta med eit nytt (det blei sjølvsagt hol i...)tok vi fram ugrasstampen.
Jepp du leste rett. Eg fekk ein stor og stilig ugrasstamp av Sandnestanto. Den har verkeleg vore nyttig. Ikkje berre har eg brukt den til å samle ugras, men i dag gjorde den nytte som badestamp. Tihi... Ungane hadde det toppers på altanen, medan sola steikte rundt oss.
HERLEG!
Ha ei fin veke.
Klem Gunilla
1 kommentar:
Så kjekt at alle tre vennane mine fekk god bruk for presangen! STOOOR klem frå Sandnes-tanto
Legg inn en kommentar