Til tross for snø langt nedover snøsidene er vi definitivt i vårstemning. I solkroken treng vi strengt tatt ikkje jakke på ein gong:).
I dag har vi vore på hagesenteret i Rosendal, skikkeleg opptur! Der kjøpte vi diverse som trollhassel, jordbærplanter, jord, clematis, tusenfryd, hagehanskar, chiliplanter, blåbærplanter, m.m.
Trollhassel, biletet er funne på nettet.
Tante Frøydis tok med seg heimelaga skillings/skulebollar til Rosendal, og det passa heilt perfekt for sultne magar. Mmmm....
Både liten og stor kosa seg.
Satsar på litt bileter frå hagen etterkvart. Litt bloggtørke på meg for tida, brukar mykje tid ute og minst mogleg tid på data etter arbeidstid. Sumaren nærmar seg. HERLEG!
Klem Gunilla ♥
2 kommentarer:
Ja det er herlig no når me kan "flytta" ut i hage og på terrassar.Har venta lenge no og kryssar alt eg har for at snø og sludd helde seg borte de 9 neste månadane. :))
Herlich!
Vi får håpa sla dukkar opp igjen, så jordbærplantene kjem trygt i jorda:)
Klem sista
Legg inn en kommentar