Eg er i Bergen på kurs i jobbsamanheng og har dermed muligheten til å gjere litt ærend på ettermiddagane. Det passar meg midt i blinken no som vi skal gifta oss. Eg har kjøpt brukt brudekjole og er kjempe nøgd (tusen takk til Hanna med den gode smaken)!!!! No manglar siste rest som slør og sko, så er er veldig nøgd.
I tillegg skal jo brudepikene/svenn(ane) ha kleder. Sidan vi giftar oss i varmen må det bli noko som er komfortabelt i 30 grader +. Eg har sett for meg at jentene skal ha heilt enkle kjolar (kanskje lin?) med fin hårpynt og slør til Molle og Aurora.
Kjenner eg jentene rett kunne dei nok tenkt seg noko som liknar på biletet under? Tihi...
Biletet er lånt frå ei nettside, håpar det går bra... Dei sel det forøvrig på www.sprell.no 89,- pr stk
Viss du har tips til kjekke nettsider i anledning bryllup (bordkort, pynt, idear, etc.), så kom med dei. Det er berre kjekt!
HA EIN FIN DAG.
Klem G
1 kommentar:
DET BLIR KNAS Å SJÅ SNUPPA!
KLEM F
Legg inn en kommentar