Denne helga har ikkje gått heilt som planlagt. AV ein eller anna grunn hadde fruen i huset fått for seg at det var denne helga tante S skulle komma heim...skuffelsen var stor då vi fann ut at det var neste helg....Grrr. Endå sju dagar å vente...
Dagen idag starta kl halv sju *gjesp*, det er ein time for tidleg for mor i huset:) Vi var klare med frukost og klesvask då klokka var ni. Badeveska vart pakka og vi var klare for varmebassenget...*deilig* Men varmebassenget var stengt av tekniske grunnar?? hehe. Då kunne vi ikkje gjere anna enn å kjøpe store mengder smågodt å koooose oss litt ekstra!
Etter at vi hadde delt ein pose smågodt køyrde vi inn å handla i Uskedalen. Der fekk vi også handla inn påskeliljer og tusenfryder. Tusenfrydane vekker svært gode minner inni meg. For nokre år sidan fekk eg tusenfrydfrø av svigermor♥. Dei sådde vi på plenen, og kvar sumar dukkar dei søte små blomane opp i graset.
Idag har vi rett og slett hatt dugnad rundt huset. Det såg ut som ei slagmark etter at snøen drog sin veg. Knekte greiner og sand overalt! Det ser jamnt over trasig ut no som snøen er vekke. Ungane har jobba flittig og hjelpt meg masse, så no gler vi oss til all snøen er vekke, bakken har tørka litt og det grøne graset melder sin ankomst!
Ha ei fortsatt god helg folkens!
Klem Frøydis♥
Stolt turner
-
Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn!
Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort!
Utrolig...
for 4 år siden
3 kommentarer:
Ja, da e tidli med halv sju. Her starta dagen idag kl 05.30...og da e umenneskleg...Då va da ein på 5 år som lurte på om pappen ville spela litt DS med han!! Oj, oj, oj, men sidan da va min dag å sova frampå, kunne eg bare snu meg og sova te kl 9! Men så e da min tur i måro! Ha ein fin lørdagskveld!
Det var nå kjekt at dåke gleda dåke til eg skulle komma heim:) Det ser ut som at eg kanskje komme heim allerede tidlig på onsdagen i stadenfor torsdagen. Eg krysse fingrane, for nå har eg lyst til å komma på besøk til dåke i Herøysund!!! Klem og suss frå tante S
Tidlig da ja, fikk sove til kl 9 her i dag. Har kjøpt påskeliljer vi òg, men har ikke fått plantet de ennå. Fin søndag til dere alle.
Legg inn en kommentar