I dag har gutane i familien verkeleg vist seg frå si beste side. Tantebornet mitt plukka disse flotte snøklokkene til meg, sant dei var søte??!??
Berre det at ein 7-åring tek seg tid til å plukka ein bukett til tanto/mosto er direkte rørande...
Ikkje nok med det, onkel Anders og Sondreguten har henta sand til den "nye" sandkassen eg snikra i sumar. Endeleg er snøen vekke og sandkassen er fylt opp med ny sand. Kjempe stas! Ungane var lagt då hengaren med sand kom på tunet, så det blir nok ein stor opptur i morgon tidleg!
TUSEN TAKK BOYS!
HA EIN FIN KVELD.
Klem Gunilla
1 kommentar:
Så kjekke ;) eg fekk og ein stoooor kvast i helga! Eg blei skikkelig sjarmert, heilt til veslesyster kunne informere om at storebror håpte dette kunne føre til at vi kjøpte mobil litt før!!! Hihihi. Søtt uansett. Klem
Legg inn en kommentar