Mariusgensaren er i vinden for tida. Den er så utruleg fin, enkel og mange fine klassiske detaljar. Denne flotte gensaren har svigermor strikka til mannen. Snakka meg om mange tusen masker og ikkje minst flott handarbeid. Berre synd den er så altfor stor for meg... :)
Bildet er lånt frå sandnesgarn.
Viss du ikkje har fått det med deg svigermor, så ynskjer eg meg den "klassiske" blå med kvitt og raudt. Endå eit par år til eg fyller 30 år, så kanskje kan eg vere så freidig å ynskje meg ein slik?!!??? Tihi.... Med det strikketempoet ditt så trur eg det skal gå VELDIG fint.
Mollemor sine tøffler er henta fram. Kjempe gode!!!!
Ingen tvil om at hausten er komen. Det er kaldt i lufta og rom for kos innandørs! På kveldstid har vi byrja å spele spel med ungane og fyra i peisen.
Eit godt alternativ til lesing eller synging på sengekanten. Mollemor fekk eit kjempe gøy spel til bursdagen, "se hva jeg kan!", som passar godt for dei minste. Det er ein stor hit for tida!!!! Kjekt med eit spel som er både kjekt å lærerikt for dei minste. Så til alle mødrer, tanter, besteforeldre m.m LØP OG KJØP, ein genial julapresang til dei minste.
Ha ein fin kveld!
Klem Gunilla
1 kommentar:
Marius <3
Eg glede meg te å ta min i bruk!! Mamma har laga te meg, kjempestilig!!
Ullklær e fantastisk! Burde våre obligatorisk i alle sin garderobe ;-)
Ha en super quell Gunilla! Forresten he ikkje du fyllt 30 ;-) HB Svigermor di tar hintet!!
Legg inn en kommentar