Vår kjære prinsessa fyller fire år i dag. HIPP HURRA VESLE SKATT!!!!
Ho vakna sjølvsagt rundt 06:00 i dag og var heilt KLAR for å feire bursdag. Heile jenta har vore eit stort smil i heile dag. Tenk for ein følelse det er å vere liten og ha bursdag. Det er heilt fantastisk!!!!
Vi dusja og stelte oss saman i dag tidleg. Håret var fint oppsett og luggen i klemma, sjeldan har eg sett ho ivrigare etter å komma seg ut dørene.
Minsteguten jubla då han såg flagget på veggen i barnehagen. Der hugsa alle dei vaksne på den store dagen og flagg var plassert på plassen hennar. Skikkeleg sjarmerande, og ikkje minst flott av dei tilsette.
Dagen hennar har med andre ord vore FANTASTISK. Kaka, flagg, pakkar og klemmar er blitt utveksla.
Farmor hadde med deilig bløtekaka med seigemenn og gele på toppen. Mmmmm.... Heile kaka vart oppeten. Mmmmm....
Takk for ein fin dag kjære MOLLEMOR. No sover dei søtt begge to seng... Jammen er det deilig å vere liten.
Stor klem frå mamma
4 kommentarer:
Grattis med dagen til Margrethe! Herlighet kor fort tida går :-) KLem T
Takk snille. Tida fyk avgårde... Stor klem frå oss.
Tusen takk for oss! Heilt topp med bursdag!
Klem Tante F
Gratulera med dagen, litt på overtid, kanskje :)
Legg inn en kommentar