Vår alles kjære, snille, gode, varme, rause, og fantastiske mormor/farmor sovna stille inn i går natt.
Vi i "hagen" har alltid skrytt av mormor og dei åtte ungane. Det er jo heilt sant, åtte ungar! Eg smiler kvar gong eg tenkjer på det... Det er så herlig.
Du har alltid betydd mykje for oss tre kusiner (og naturlegvis så veldig mange andre...). Vi har vokse opp saman og delt mange gode stunder. Vi sprang alltid over haugen til deg kjære mormor, du var alltid heime. Vinka til oss då vi skulle på skulen, eller tok imot oss då vi kom heim.
Det var du som satt standarden for korti vi fekk bada, gå utan sko, springa i spruten, og så mykje meir. Når snøen er vekke på tunga er det berre å kle av seg. Varm saft eller is fekk vi alltid....
Ingen var så takknemlig som deg, du takka oss alltid for både blomsterkvastar (av ulike slag) og mykje spanande fisk. Trekløveren (PH+F+G) fiska mykje som små, og til tider var det kun mormor som ville ha fangsten?!!??? Ho såg på medan vi renska garnet og syns det var lika spanande kvar gong. GODE MINNER KJÆRE MORMOR!
Fred over minnet og takk for alle fine stunder.
Klem frå oss alle.
7 kommentarer:
Kondolrere så mye. Alltid trist når noen faller i fra, men det
hørtes ut som ei herlig mormor!
Er sikker på at dere tar godt vare på de gode minnene.
Hilsen Helen
Kondolerer så mye. Det var noen nydelige ord om det som hørtes ut som en fantastisk mormor!
Ta vare på hverandre!
Klem M
Tusen tusen takk for fantastiske minner!! Det er slike ting vi skal huske mormor for..
Mams
Nydelege ord, som bringer fram vakre minner og bilder på netthinna. Tusen takk, dåke er berre gode!
Onkel B
Kor kjekt å lesa om gode minner dåke har om mormor, me deler dei med dåke. Varme klemmer tante K
Kondolerer!Ta vare på de gode minnene!
Klem fra Mira.
Kondolera alle tri..
Så trist, men ho fekk eit langt godt liv...! Å mange gode minner å ta med seg!!
Legg inn en kommentar