På døra inn til rommet heng dette søte bildet som Geir fekk til dåpen av tante F og onkel B med familie. Passar godt inn til eit prins og prinsesserom... Biletet er kjøpt på Blafre.
På rommet har småtrolla litt forskjellinge bileter. Disse to bileta har tante C i Stavanger laga. Dei fekk kvar sitt til dåpen. Kjempe søte, med mange sjarmerande detaljar. Heilt herlige....
Småtassane kosar seg i molle i seng...
Eit spor frå barndommen...
Både mannen og eg har delt rom med søster/bror heile barndommen, og det gir utelukkande kun gode miner for oss begge. Vi er difor begge heilt enige om at våre søte små skattar skal oppleve den samme gode tryggleiken som vi sjølv gjorde:).
Sidan huset vårt er veldig stort har vi valt å kun ta i bruk hovudetasjen. Ungane er for små til å bu på loftet åleine og vi har ikkje lyst til å bu oppe. Det er deilig å ha bad innanfor soverommet og i tillegg bu på bakkeplan.
Uansett... Det er ei utfordring å innreie eit gute - jenterom. Vil jo ikkje at det skal bli mest jente eller guterom. Inrømmer at eg ser VELDIG fram til å innreie eit reint jente/guterom på loftet etterkvart. Det skal bli kjekt!!!! Det blir nok etter prinsesse og prins-perioden vil eg tru.
Enn så lenge kosar dei seg på samme rom vegg i vegg med mamma og pappa.
Ha ei god helg vidare. I morgon heiser vi flagget på tunet, men det får vi ta i morgon, sant sista???!???
Klem Gunilla
2 kommentarer:
Tihi! Flagget ja:) No var eg nett inne og sjekka at vi ikkje har hatt innlegg på ei stund??? Medan eg skriv eit la du og ut eit??? hahaha
Ain't twins for nothing....
Snakkes i morgon...
Hååpar flagget vaia fint i vinden og at dagen dåkas har vore storarta! Håpar dåke får gode dagar det neste året dåkas og! Grattis til tvillingane!
Legg inn en kommentar