Loftsstova var tung, mørk og kjedeleg før vi bestemte oss for å male veggar og tak, samt olje golvet.
FØR:
ETTER:
Sidan veret denne helga har vore ganske stusseleg har vi heldigvis fått gjort noko innandørs. Loftet har naturlegvis ikkje vore prioritert i det flotta veret vi har hatt den siste tida her i Hardanger. Men i dag skjedde det... på sjølvaste bursdagen... Den snille gode mannen min tok sjølv initiativ (heilt sant...) til å olja golvet oppe, og vips så var det prosjektet i boks?!!?? Er det ikkje fantastisk. Mange spør seg sikkert kvifor ikkje eg har tatt på meg denne jobben sjølv, men det er rett og slett fordi eg ikkje har roen til slikt "finarbeid". Eg hatar bruksanvisningar og likar ikkje å vente på at ting skal skje. Oljing krever tolmod, og det er ei utfordring. Maling er difor perfekt arbeid for meg, så blir detaljane overlatt til min pertentlege mann... O`LYKKE kor nøgd eg blei med resultatet kjære. Du er så flink!
Ikkje nok med ny loftstove, så har vi vore hos min betre halvdel i bursdag. Som tvillingar har vi tradisjon på å feire saman, og stakkars Frøydis stelte i stand middag til heile gjengen. Knallgode kjøttkaker, og masse gode kaker, kaffi, te, is...Mmmmm.... TUSEN TAKK! Til neste år er det min tur å stelle i stand. Trur du har mange år tilgode frå då eg budde i Bergen og på øya??!!?? Tihi...
Vesle mollemor og husfaren heiste flagget tidleg i dag, det var stas for alle...tihi...! Geireguten stod inne og kikka saman med meg.
TUSEN TAKK for gåver, pengar, telefonar, sms`ar og i det heile.
PS. Vi sakna BESTO i dag, det skal vere sagt. Ho har liksom alltid vore det i bursdagen vår.
Stor klem frå oss i kråkeslottet til dykk nedi hagen.
5 kommentarer:
Først og fremst!!
Gratulerer med dagen!!! :D
Og så...Steike så flott det ble på loftet! Snakk om forvandling. Så lyst og trivelig. Skal si dere har ett stort loft - rene ballsalen der oppe! Mange tak og vegger å male så du har gjort en utrolig jobb!!
Snill mann som oljet gulvet da - også det på selve bursdagen. Fin presang det... ;)
Ha en fin bursdag videre!!
Mange klemmer M
Seriøst??!! Dette har dessverre ikkje eg fått me meg! Gratulera me dagen begge to :-) (Så kjekt de må væra å væra to!!)
Herlig innlegg G!! Å så fin loftstovå hadde blitt!!
Morsomt med bildet på Steffani! Kor stort då?? Eg har som du forstår IKKJE fått det med meg -men må vel snart ut å sjå då ;-)
God veka i vente!!
gratulerer med dagen!!!!! Vart fryktelig opptatt av nokon kaniner i dag vi, men sterkare igjen neste år.....
Loftet blei kjeme finr. Gler meg te sjå da på ekta
klem V
Heisann!
Gratulera så masse med dagen til 2 av dei tre kusinene!!
Og loftet vart jo utruleg flott!! Kjempefint når panel blir mala, opnar veldig opp!!
Ha ein fin kveld!
Gratulerer med dagen til bursdagsjentene. God veke te dåke.
Legg inn en kommentar