Dette er ein av dei flotte orkideane vi har fått idag. Det første eg tenkte på då eg såg bildet var den blå himmelen i bakgrunnen. Det gav meg ein følelse av at Besto er med oss uansett!
Vi har hatt ei ufattelig trist veke. Natt til laurdag døydde vår alles kjære Besto frå oss. Dagane har vore som ein berg og dalbane. I eit sekund er alle sluser opne, i det andre kjem saknet og tommheten. Ein person som har vore der for oss heile livet er brått borte. Besto har ALLTID stilt opp, og det med den aller største glede. Ho har vore ein person eg har beundra sidan vi møttes i 1998. Besto har ost av livserfaring og delt velvillig med alle rundt seg. Du har vore limet i familien Mathisen. Vi skal lova deg at resten av familien skal halde saman i framtida og.
Vi er så ufattelig glad i deg!!!
Tusen hjertelig takk for at slekt, vener, kollegaer og kjende stiller opp dag etter dag. Vi har fått varme helsingar nydelege oppsatsar, orkidear og avskorne blomster i alle variantar, samt kaker og bollar i fleng!
TUSEN TUSEN TAKK!
Klem F
4 kommentarer:
Det er så trist! Men ho er med dåkke i hjertet uansett.. Ta vare på minnene!!
Alltid trist å miste noen nære og kjære, men det er desverre livets gang. Har selv kun en bestemor igjen, og jeg kjenner savnet nesten hver dag, spesiellt etter mormora mi som døde brått i okt 07, 1 uke etter at minstejenta mi ble født. Håper på en vårlig og deilig påskeferie til deg og dine.
Å kor vi saknar besto. Besto var jo litt vår besta òg....kjempe trist. Klem G
Dette er så utrulig trist. Me tenke masse på dåke. veldig fint skreve. Klem frå Olaug.
Legg inn en kommentar