Som ein del av stova har vi ei lita tv-stove som er veldig mykje i bruk. Der har vi to billy bokhyller, frå ikea, med masse barnebøker, seks leikekassar fulle i leiker elles litt rot og rask. Det store ynskje er montana bokhyller, men det får bli ein annan gong. Bordet er ein kasse frå ikea som oppbevarar endå litt leiker. Sofaen er kjøpt på ein interiørbutikk (kjem ikkje på namnet...) i Bergen for eit år sidan. Den er fantastisk praktisk då den er i ekte hud, lett å halde rein og ekstremt slitesterk.
Det er eit stort vindu i denne stova, liftgardina har "fargerike" på stord sydd for meg. Eg er veldig nøgd med resultatet!!! Butikken har masse fantastisk flotte stoff å velje i.
Vi er truleg dei einaste i bygdo utan flatskjerm. Vi ser veldig lite på tv, så vi klarar oss godt med dette fjernsynet:).
Bildet av Marilyn Monroe kjøpte eg for eit par tusen på ei kunstside på nettet, sida finn du her. Husfaren fekk biletet av meg til 30-års dagen, medan svigermor spanderte den flotte ramma.
Ha ei fantastisk helg!
Vi set stor pris på tilbakemeldingar:).
Beste helsing
G
6 kommentarer:
Du har det så fint, Gunnhild! Gleda meg til eg engang kan komme på besøk:-) Klem
Takk skjønne!
Hei søta!!
Me har heller ikkje flatsjerm!! Å de betyr ingen ting!!
Formen min e god! å nå i kveld har eg fått en god nyhet og!! Eg trenge ett apparat som kan måla blodverdiane mine. de koste cs 8 tusen, men nå har eg fått låna -GRATIS- frå foreningen.... Kjekt!! Formen e god -å eg e kjempeglad for å væra heima. SYns bare at helgå e altfor kort!! Nå e de gonatt i rosendal :-) Hs ei fine veka alle kusiner ;-)
Kan dei to kusinene senda meg to passande bilder til overskrifta?? Eg har ein plan. Feks. eit av hus og eit av begge ungane, evt. eit av kvart gull!?? Dåke bestemmer sjølv, men det må passa til overskriftsbilde:)
God helg alle sammen!
Så fin TV stue dere har...:) Det bilde av Marilyn var utrolig flott!!
Stilig Marilyn-bilde! :)
Legg inn en kommentar