I helga tok vi ein spontan tur til Hovden. Kjekt å bytte stove, samt besøke farmor og farfar, Oda og Helmer (voffsen...).
Vesle molle og Oda var med i skitrekket medan minsteguten var igjen på hytta med farmor, farfar og Helmer.
Vi laga søte snølykter utanfor hytta ei ledig kveldsttund:). Kjempe koseleg.
I natt har vi hatt besøk av søskenbarnet, kjempe kult!!!!!
Det er utruleg at ein liten plass som Hovden har så masse kjekke butikkar. Interiørbutikken "Grindheim møbler" har ein masse kjekt for dei som er interressert i interiør:). Der har dei masse flott i merket "lexington".
Butikken sel elles puter, dynetrekk, tepper, lys, møblar, gardiner, koppar, etc. Eg kunne vore der i fleire timar om eg hadde hatt tid, og ikkje minst tjukk lommebok.
Disse trugene hang utanfor butikken, veldig søte!
Kakao høyrer med på fjellet, her juksa vi og gjekk innom ein kafè på Hovden.
Ha ein fin dag.
G
1 kommentar:
Så kjekt med hyttetur.Vi var på hytten selv i helgen - deilig! Nydelige bilder du har tatt! Den interiør butikken kunne jeg gjerne tenkt meg å besøke :)
Legg inn en kommentar