*
torsdag 13. januar 2011
Systrene Nilsen
*
fredag 7. januar 2011
Helgas prosjekt: babyalbum!
Vesle Lotta må sjølvsagt få sin eigen babyalbum, akkurat som storesyskene sine. Det er kjekt med eigne babyalbum når dei blir store, og kanskje sjølv blir foreldre..*smiler*
Eg tar dagleg bileter av ungane. Så albumen viser vetla snuppo (og sjølvsagt storesyskena)månad for månad. Frå å vera fullstendig hjelpalaus i juni har Lotta no byrja å få sin eigen personlighet. Ho åler seg rundt etter oss og gir klar beskjed om ho er misfornøgd med noko..*tihi* Ho jabbar på, og dei kjekkaste lydane er for tida: "pa-pa-pa-pa!" Veldig kjekt for papsen, men eg øver iherdig på "ma-ma-ma-ma!" *tihi*
Når eg er ferdig med denne albumen fortsett eg med felles albumar til ungane. Vi er jo stort sett ilag heile gjengen:) Eg heng laaaangt etter. Alltid enklast å lage album undervegs, men det er denne tidsklemma då?
Eg håpar dåke har ei god helg folkens.
Klem Frøydis
tirsdag 4. januar 2011
Jenni og Jånni er nymata og klare til bakst...
Det er ingen tvil om at Brynegjengen (svoger med familie) er ein kreativ familie.
Til jul fekk vi masse flotte gåver, og den som imponerte meg aller mest var "Jenni og Jånni" (frå min huslige svoger) som heile familien no er på fornamn med.
Jenni og Jånni er to surdeigar som står bakerst i kjøleskapet. Jenni er fin bakst og Jånni grov bakst.
Gåva har utgangspunkt frå deilige oppskrifter i boka til Morten Schakenda OM BOLLER BRØD OG TILFELDIGHETER FRA BAKERIET I LOM.
I dag har Jånni og Jenni fått mat (dei treng påfyll av vatn og mjøl) , og til helga skal vi eksperimentere med nye brødoppskrifter.
mandag 3. januar 2011
Nytt år, nye planar!
Julepynten er alt komme i esker og er på veg opp på loftet igjen:)

Det er alltid stor stas å hente jula ned fra loftet, men for å vera heilt ærlig er det nesten endå betre å ta jula opp igjen på loftet. Første nyttårsdag pakka vi alt fint inn i eskene og stua det vekk.
Det blir så luftig og romslig utan juletre, kalenderposar, julestjerner, julelys etc.
No er det tid for ommøblering, nye gardiner, oppussing og elles det vanlige som kvernar oppi hovudet når ein har permisjon! *hihi*
No har eg hatt permisjon i 7 mnd, og konkludert med at eg vil ha liftgardiner/gardiner i hovudetasjen. (Kjøken/Stove)

Stoff frå Panduro

Stoff frå Panduro
Eg vurderer å ha farge på liftgardinene i TV-kroken, resten av huset skal ha kvite gardiner/lifter.

Fram til no har vi berre hatt persienner i alle vindu. Veggen som eg malte grå (dagen før terminen i juni) maler eg muligens lys igjen til våren... Stoppar aldri opp for prosjekt i dette huset.
Er det nokon som har tips til fine, helst ferdigsydde liftgardiner? Ser for meg kvite med struktur, men er åpen for forslag:)
Ha ein finfin dag alle saman!
Klem F
lørdag 1. januar 2011
Godt Nytt År!
mellomrom
Ei lita oppsummering av 2010; graviditet, bryllupsplanlegging, tidsklemma lenge leve, fødsel, bryllaup i Spania, dåp, Paris ? , Stockholm?, Sandnes, babytreff....:) Vi har absolutt hatt eit GODT år i familien.
Måtte vi få nok eit godt år!
Klem Frøydis
tirsdag 28. desember 2010
Jula 2010
Vi har vel alle lagt beina på bordet og nytt dagane saman med næraste familie. Eg har vore kameralaus i over ei veke, og har kjent abstinensen titt og ofte. Heldigvis fann eg kameraet under eine setet i bilen for eit par dagar sidan! *PHU*
Dette året har vi feira jul saman med husfar sin familie. Vi har hatt ei hærlig julefeiring med mykje sosialt samvær og deilig mat kvar einaste dag.
Første serien under er fra julafta, og mi kjære svigerkusine Sissel har tatt bileta....
Marcus ute i nysnøen på Røssland. Iført Mia si hue:)
Geir akar i Hagen. Stas med ny rattkjelke som gjekk så fort at han vart skremd av seg sjølv...smiler*
Mormor og dei 4 eldste barnebarna fresar nedover bakkane i full fart! Tøffe mormor:) Lottamor har det best inne om dagen. -10 grader er i kaldaste laget for vesle Frøken Fryd!
Mollemor iført julegåva frå Tante Åslaug. Kjempe søt hue med ein søt blomst. Aurora og Lotta fekk samme hua i ein anna farge. Aurora var kjempe stolt av at veslesystera fekk prikk lik hue.torsdag 23. desember 2010
God jul kjære bloggvener og alle som er innom!
No er sviblane endeleg komme oppi ei kjekke "SALLAD" skål eg fekk av eldsta kusino tidligare. Det tykkjer eg vart koseleg.
Her på Vestlandet har det bøtta ned med snø idag. No nærmar det seg ein halv meter på tunet. Vi jublar medan det dalar ned:) I romjula satsar vi på AKEDAG med grilling, kakao og kos utanfor, så naboar og vener må psyka seg opp til konkurranse?!
God jul til alle som er innom, no må jula berre komma! Takk for eit flott bloggår, ingen tvil om at andre bloggarar kjem med mange kjekke tips og gir oss MASSE inspirasjon!
Suss Frøydis
lørdag 18. desember 2010
Ny trappegang og nye lampar.
Skulle vi hatt folk til jobben hadde tusen-lappane flaksa ut...


Ta vare på kvarandre...
onsdag 15. desember 2010
Grautfest og nissevisitt
I år blei grautfesten flytta ut i lavoen (i heimbygda), som blei bygd i sumar. Der kosa vi oss med kjempe god graut, tapas, spekemat, muffins, gløgg, kakao, saft, julabrus og ikkje minst nissebesøk.
Nissen var kjempe kul, og det var ingen tvil om at det var nipanissen som hadde teke seg tur.
Ungane jubla over kvar sin snopepose, og då utan mandarin...hehe...


Tusen takk gode klubbjenter og ikkje minst søster som ordna og stelte så masse på førehand.
tirsdag 14. desember 2010
Nordlandslefsa til jul...
Oppskrifta på nordlandslefsene er enkel og smakfull:
mandag 13. desember 2010
Gratulera så mykje til Silje!
Anonym sa...
hei hei:0)
Detta vil eg gjerne vera med på.
Den vimpelen var kjempe fine:0)
Så må eg bare sei, at dåke har ein kjempe fine blogg jenter!!!
klem fra silje-m s!
Tusen takk for mange kjekke kommentarar kjære bloggvenninner. Travle dagar fører til at bloggen har låg prioritet om dagen.
No er det juleverkstadar, avslutningar, juleshopping, baking og grautfestar som tar all fokus! Veldig stas at det nærmar seg jul.
Stemningen er stigane og pulsen går pittelitt fortare enn normalt.
Klem frå Tre Kusiner
mandag 6. desember 2010
Vinn GOD JUL vimplar...
PS. Vimplane får du kjøpt på TILBORDS på Husnes, der finn du utruleg masse flott!
lørdag 4. desember 2010
Kakemenn
lørdag 27. november 2010
Lysfest hos mamma og pappa!
Måtte vi få lika fin vinter i år som i fjor.
Dette er den koselege nissen som flyttar seg rundt i huset og gjere mykje rart:).
I dag har vi vore på loftet og henta julestjerna, adventstaken, luciatoget og julabyen. Ungane var i ekstase, for no forstår dei at jula faktisk nærmar seg.
Dagen byrja med årsfest i gymsalen, pølser, saft, kaka og nissebesøk! Det var utruleg spanande.
Etterpå hadde vi ein impulsiv julaverkstad, og skal sei ungane produserte. Lykter, bileter og anna flott kunst:).
I kveld har vi vore på lysfest hos mamma og pappa. Det var stor stas for liten og stor. Der fekk vi servert pizzahorn, potetkaker med sylteflesk (vår bessen si oppskrift...mmmm....), lappar med syltetøy eller krem, julabrus og kakao. Ungane måtte også leita etter kvar sin godtepose. Kjempe stas.
Skal sei pappa hadde pynta huset for sesongen, masse flotte julalys.
No er det berre for naboane og hiva seg rundt? Tihi...
Eg tok ein del bileter der nede, men det mest velukka for kvelden tok Margrethe medan vi vaksne måtte stilla oss opp.
Minnene har vi med oss og så håpar vi på at dette kan bli nok ein tradisjon.
Klem frå Gunilla
tirsdag 23. november 2010
Tradisjonen tru!
to kusiner:)TEST
*Jippi* Med julemusikk i bakgrunnen, melis og eit lass med snop på bordet var vi klare for årets pynting! Det gjekk unna på snopet, eg trur det endte meir i magen enn på husa, men det er sjølvsagt lov, sjølv på ein tirsdagskveld. På nyttårsafta pleier vi ta huset ut på terassen og knusa det, men før det ventar det jo mange høgdepunkt.. Travle tider folkens.
Min bloggliste
-
Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...for 6 år siden
-
daffedag - av og te så får eg da for meg at eg skal bli så sporty og sprek liksom, glemma alt som hette migrene og elendighet - frisk luft vil gjera meg så bra a...for 9 år siden
-
Løvli sjal. - Dette sjalet heter Løvli og har en flott løvkant. Det er strikket i Drops Baby Merino på pinne 5. Det er _strikkelisa_ som har laget mønsteret (samme ...for 10 år siden
-
Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...for 10 år siden
-
Et lite tre... - På veggen! Et slags juletre har kommet opp på veggen! Vi har pyntet det med gamle julekuler, hjemmelagde snømenn og andre duppeditter!for 10 år siden
-
Julekalender 2015: med et lite glimt fra kjøkkenet - Med to små halvsyke her hjemme idag, så blir det halvdårlige mobilbilder her på bloggen. Is og pepperkakehjerter, det hjelper iallefall når en liten er...for 10 år siden
-
B R A I D S - B R A I D S Naturlig pynt plukka langs hagegjerdet. Strå i lange fletter. Sola som skin. Handmade is the new black. ❤for 11 år siden
-
Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og p...for 12 år siden
-
-
-
Sjølvforsynt - Eg er så frekk at eg legg ut eit bilete av nokon andre sin kjøkkenhage! (Det er ikkje ein gong eg som har teke biletet...) Mi inspirasjonskjelde! Her g...for 13 år siden
-
Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...for 13 år siden
-
Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...for 14 år siden
-
Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...for 14 år siden
-
Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...for 15 år siden
-
-
Om meg
- Tre Kusiner
- Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!

