Det er ingen tvil om at Brynegjengen (svoger med familie) er ein kreativ familie.
Til jul fekk vi masse flotte gåver, og den som imponerte meg aller mest var "Jenni og Jånni" (frå min huslige svoger) som heile familien no er på fornamn med.
Jenni og Jånni er to surdeigar som står bakerst i kjøleskapet. Jenni er fin bakst og Jånni grov bakst.
Surdeig er forøvrig den opprinnelege metoden for å få deig til å heva seg. Gjærspora eksisterar naturleg i mjøl, og du treng kun å tilsetja vatn og gi den litt tid for å setja i gong prosessen.
Gåva har utgangspunkt frå deilige oppskrifter i boka til Morten Schakenda OM BOLLER BRØD OG TILFELDIGHETER FRA BAKERIET I LOM.
I dag har Jånni og Jenni fått mat (dei treng påfyll av vatn og mjøl) , og til helga skal vi eksperimentere med nye brødoppskrifter.
Klem frå matmor Gunilla
2 kommentarer:
Spennande!
Detta vil me sjå resultatet av :)
Oj, det høyrtes veldig spanande ut! Eg føl spent med på forsetjinga!
Legg inn en kommentar