I helga har vi vore på hytta. Det har vore ei hektisk helg. Meg og mannen har nemlig vore på julehandel i byen! Takka vera ei fantastisk mormor og mosto fekk vi handla ei røys med gåver på laurdagen. Det er veldig effektivt utan dei minste på slep. No gjenstår berre eit fåtall julegåver så er vi i mål! Det er herlig å føla seg hakket meir a jour. Kvelden har gått med til å pakka inn gåver.... Ungane er frå seg av forvitenskap og gler seg storvegs til kalenderen neste veke.
Ellers så har vi hatt malar heime hjå oss i helga, så no gler vi oss til å få ein nyoppussa gang og trapp. Ikkje det har det var nedslitt, men dårlig arbeid før vi flytta inn.... Skal visa litt bilder når det byrjar å ta form.Eg vonar alle som er innom får ei flott veke!
Klem Frøydis


















I kveld har eg og mannen inntatt ein betre middag, eit glas vin og dessert. Tusen takk snille gode mann. 

Nesten ferdig grunna, men eit par strøk med rette fargen gjenstår. Ikkje enkelt å finne den rette fargen. 





Ha ein fin kveld.











