onsdag 11. november 2009

Forandring fryder

i heimen for tida. Vi malar no "foreldre" soverommet oppe. Eg er kjempe glad i blå og kunne tenkt meg ein dus blåfarge med grått i. Tok med meg to spann med fargeprøvar, men det var ikkje heilt innertiar.

Testa ut gustaviansk blå og fiolblå, fyrstnemde var altfor mørk og fiolblå altfor lys med skjer av lilla (ikkje det eg hadde tenkt....). I morgon skal eg hente meg nokre nye fargar, tenkjer litt på skagen og evt. risør. Viss du har tips så er vi kjempe glade for hjelp. Viktig at det er litt nøytralt, slik at det passar til alle sengklede og ikkje gjere begrensning i forhold til fargeval på teppe, liftgardiner, m.m.


Nesten ferdig grunna, men eit par strøk med rette fargen gjenstår. Ikkje enkelt å finne den rette fargen. 

Mannen er forøvrig kjempe flink å bidra så det gjere jobben dobbel så lett, dessutan kjekt å pusse opp saman. Ingen radio, tv og datamaskin. Herleg til gammalt. 

Ha ei veke som snart nærmar seg helg. 

Klem Gunilla 

3 kommentarer:

rod i hob sa...

Heldig du e som har mann som er glad i å mala ;-) Min hjelper til med maling om han må, -men det er stort sett min jobb...

Eg har Risør på ett gjestesoverom. Men kjøpte den i uskedalen, der har dei bare nordsjø maling, -så eg føle at det er grunnen til at den blei for babyblå! Men på fargekartet til Jotun ser den veldig fin ut :-)

Snart helg -å storfamilien skal på tur til Jæren! Blir godt å komma seg litt vekk :-)

Ha ei nydelig helg alle saman!!

Anonym sa...

EG trur eg ville malt rommet kvitt, men brutt med ein blå vegg?? Gjerne risør. Den fargen elsker eg:)

Klem F

Anonym sa...

Ja kanskje det er betre? Tenkt litt på det, god ide:). Klem G

Min bloggliste

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!