tirsdag 12. mai 2009

Sumar og sol!

Jippi!!!!!! Jentene fekk IS av tante L, stor stas!!!!!!

Bromlebass tøffar seg... 

Vesle M plukkar løvetann og viser stolt fram den flotte buketten:) 




I dag har heile gjengen, to kusiner, onkel B og alle seks ungane samt bubbu vore på stranda og vassa, leita etter krabbe og nytt finveret.  Denne vesle tøtto syns det var rart med sand mellom tærne...




Denne tøffe karen måtte redda håven etter eit fall i elva. Helten:) 

Ikkje langt unna standarden i Puerto Rico dette her... 


Ha ei flott veke alle som er innom.

Klem Gunilla 

mandag 11. mai 2009

To små kunstnarar!




Før feiringa av mamma og mosto sin bursdag laga ungane bordkort HEILT sjølv. Dei skreiv på alle navna, pynta og teikna og limte! Eg synes dei var SUPER søte. Det er så kjekt når ungane likar det dei driv på med:)
TUSEN TAKK FOR HELSINGAR!!!!
Ha ei god vele.
Klem F


søndag 10. mai 2009

Loftet- før og etter bilete.

Loftsstova var tung, mørk og kjedeleg før vi bestemte oss for å male veggar og tak, samt olje golvet. 

FØR:


ETTER:

Sidan veret denne helga har vore ganske stusseleg har vi heldigvis fått gjort noko innandørs. Loftet har naturlegvis ikkje vore prioritert i det flotta veret vi har hatt den siste tida her i Hardanger. Men i dag skjedde det... på sjølvaste bursdagen... Den snille gode mannen min tok sjølv initiativ (heilt sant...) til å olja golvet oppe, og vips så var det prosjektet i boks?!!?? Er det ikkje fantastisk. Mange spør seg sikkert kvifor ikkje eg har tatt på meg denne jobben sjølv, men det er rett og slett fordi eg ikkje har roen til slikt "finarbeid". Eg hatar bruksanvisningar og likar ikkje å vente på at ting skal skje. Oljing krever tolmod, og det er ei utfordring. Maling er difor perfekt arbeid for meg, så blir detaljane overlatt til min pertentlege mann... O`LYKKE kor nøgd eg blei med resultatet kjære. Du er så flink!

Ikkje nok med ny loftstove, så har vi vore hos min betre halvdel i bursdag. Som tvillingar har vi tradisjon på å feire saman, og stakkars Frøydis stelte i stand middag til heile gjengen. Knallgode kjøttkaker, og masse gode kaker, kaffi, te, is...Mmmmm.... TUSEN TAKK! Til neste år er det min tur å stelle i stand. Trur du har mange år tilgode frå då eg budde i Bergen og på øya??!!?? Tihi... 

Vesle mollemor og husfaren heiste flagget tidleg i dag, det var stas for alle...tihi...! Geireguten stod inne og kikka saman med meg. 

TUSEN TAKK for gåver, pengar, telefonar, sms`ar og i det heile. 

PS. Vi sakna BESTO i dag, det skal vere sagt. Ho har liksom alltid vore det i bursdagen vår.

Stor klem frå oss i kråkeslottet til dykk nedi hagen.

lørdag 9. mai 2009

Ein mann som rir den dagen han salar!

Forrige sundag starta formiddagen med at naboen kom ned på vafler....Vi prata om laust og fast medan vi slost om vaflene som kom på løpande bånd... Vi bur tett omslynga av tanter, onklar og foreldre i idylliske Hagen. Rundt Hagen er det ein flott steinmur som våre besteforeldre laga til for veldig lenge sidan. Denne steinmuren er godt skjult av tett skog. Dette sa eg at eg hadde SÅ inderleg lyst å gjera noko med!!? Mitt kjære søskenbarn var ikkje verre på det enn at han gjekk å henta motorsaga.... Vi samla troppene og starta jobben:)
Gutane er klare til ei økt i Hagen... Dei ser sitt snitt til å selge veden vi tar ned. Mormor har allerede kjøpt to sekker for 100 kroner....

Motorsgmannen i fint driv. No skimtar vi steinmuren...
Ein heilt vanleg sundag i "Hagen".... To med motorsag, to som slår plenen, ein som ryddar rundt huset!!!


Det første stykket er tatt! Ein del røter må fjernast, og graset må slåast, samt at steinmuren må ordnast.... Dette blir KANON bra. No ventar vi på sol og opplett, slik at restane kan fjernast! Kjekt for eigarane av tomta, og stas for naboane!!

Søskenkjærleik på høgt nivå....

På døra inn til rommet heng dette søte bildet som Geir fekk til dåpen av tante F og onkel B med familie. Passar godt inn til eit prins og prinsesserom... Biletet er kjøpt på Blafre.

På rommet har småtrolla litt forskjellinge bileter. Disse to bileta har tante C i Stavanger laga. Dei fekk kvar sitt til dåpen. Kjempe søte, med mange sjarmerande detaljar. Heilt herlige.... 


Disse to bileta kjøpte vi i Praha då vi vitja Praha før molle kom til verda. Der kjøpte vi bileter, treleiker og lampen (ein luftballong) som ungane har på rommet. 

Småtassane kosar seg i molle i seng... 

Eit spor frå barndommen... 

Både mannen og eg har delt rom med søster/bror heile barndommen, og det gir utelukkande kun gode miner for oss begge. Vi er difor begge heilt enige om at våre søte små skattar skal oppleve den samme gode tryggleiken som vi sjølv gjorde:). 

Sidan huset vårt er veldig stort har vi valt å kun ta i bruk hovudetasjen. Ungane er for små til å bu på loftet åleine og vi har ikkje lyst til å bu oppe. Det er deilig å ha bad innanfor soverommet og i tillegg bu på bakkeplan. 

Uansett... Det er ei utfordring å innreie eit gute - jenterom. Vil jo ikkje at det skal bli mest jente eller guterom. Inrømmer at eg ser VELDIG fram til å innreie eit reint jente/guterom på loftet etterkvart. Det skal bli kjekt!!!! Det blir nok etter prinsesse og prins-perioden vil eg tru.

Enn så lenge kosar dei seg på samme rom vegg i vegg med mamma og pappa.

Ha ei god helg vidare. I morgon heiser vi flagget på tunet, men det får vi ta i morgon, sant sista???!??? 

Klem Gunilla 

tirsdag 5. mai 2009

Bollar, gravemaskin og venting....

Ein veldig spent gut ventar på bollane som han sjølv har vore med å laga... GØY!!!! 

Tirsdag betyr fridag og kvalitetstid med småtrolla. Det er ikkje alltid dagen går heilt som planlagt. Ein fridag i veka kan virke som reine idyllen, men sanninga er jo egentleg at den i stor grad (spesielt når det er ruskete ver) handlar om matlaging, rydding, leik, vasking, rydding, kjefting, rydding, kos og rydding. Det aller besta er når sola skin og vi kan ta med oss maten ut på trappa:).  Då er alt så mykje kjekkare!!!!

Uansett, tenkjer det er eit par husmødre som kjenner seg igjen i beskrivelsen. 


Bollane hever seg i tallerkvarmeskuffa...langt ord. Det er altså berre ei skuff under dampovnen som er til å varme opp tallerkane. Aldri vore i bruk, men kanskje til jul...hehe....






Mmmm...endeleg! 

Mykje spanande bløming i hagen. No er endeleg urtehagen min i rute, veldig kjekt! Det var litt utriveleg ver til å ta bileter av den i dag, men det kjem når sola viser seg igjen og frøa har skutt i veret.

Ungane elskar å leite etter makk i molda, i dag fann vi mange som vi bar opp i urtehagen! Kjempe stas med eit "seriøst" oppdrag for småtassane. 

Spanande med gravemaskin på tunet. Den skal fjerna ein del murar, røtter, bassenget (laga i elvastein og må enten totalrenoverast eller fjernast), grave ut litt under altan og litt til.

Ha ei fin veke.  Kjekt at du stakk innom.

Klem G

søndag 3. mai 2009

Prinsen sitt rom....

Vi har hatt LANGHELG og styrt både ute og inne. Eg har lenge tenkt på å fikse rommer til prinsen litt, men eg har vore tom for idear. Det heile byrja med at vi ville male over gamle sjablongar. Marcus hadde bilar i friske fargar då vi flytta inn, men dei var ikkje heilt vellukka....synes mor... Så i helga malte vi over bilane med friske sirklar i tre ulike fargar!!Vi har no sirklar i raud, grøn og lyse blå!
Samtidig satte eg i gang med å mala ein gammal pult Marcus har arva frå BESTO på Husnes. Den har blitt lys blå... Marcus har lenge hatt ynskje om ein skrivepult, og denne er så god som NY! Eg veit Besto hadde blitt KJEME glad om ho hadde visst kor GLAD prinsen var for denne gamle men super tøffe pulten!!!!!

Fiks ferdig...klar for lekser:)

Medan vi først var i gang flytta vi "mamma" si gamle seng ned fra gjesterommet...Den er 1 meter brei og rommar både prinsen og liggebesøket!

Slik såg rommet ut då vi var ferdige.... NY pult, STOR seng og FRISKE VEGGAR!!
Ha ei god veke folkens...
Klem FNM

fredag 1. mai 2009

Vår vesle malermester.....

Idag har vi nytt det FLOTTE veret på vestlandet. Dagen har gått med til klesvask (det såg ut som eit vaskeri på terassen....:), sosialt samvær med gode naboar, mykje besøk og sist men ikkje minst MALERPROSJEKT! For litt sidan fann vi igjen ein søt liten gyngehest på loftet... Denne har vi mala ROSA!! Vi hadde rester av kvitmaling og raudmaling, så har vi blanda sjølv. Det er heilt utruleg kor spanande ungane synes det å mala med EKTA maling!! Gyngehesten fekk vi frå Åsta og Christian for 6 år sidan! Det var i gode gamle dagar då vi budde tett i tett.... Den er tatt inn i varmen igjen, og no er det kø etter å bruka han.




No er det tid for NORSKE TALENTER og kveldskos med dei små!
GOD HELG!
Klem F

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 6 år siden
  • daffedag - av og te så får eg da for meg at eg skal bli så sporty og sprek liksom, glemma alt som hette migrene og elendighet - frisk luft vil gjera meg så bra a...
    for 9 år siden
  • Løvli sjal. - Dette sjalet heter Løvli og har en flott løvkant. Det er strikket i Drops Baby Merino på pinne 5. Det er _strikkelisa_ som har laget mønsteret (samme ...
    for 10 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 10 år siden
  • Et lite tre... - På veggen! Et slags juletre har kommet opp på veggen! Vi har pyntet det med gamle julekuler, hjemmelagde snømenn og andre duppeditter!
    for 10 år siden
  • Julekalender 2015: med et lite glimt fra kjøkkenet - Med to små halvsyke her hjemme idag, så blir det halvdårlige mobilbilder her på bloggen. Is og pepperkakehjerter, det hjelper iallefall når en liten er...
    for 10 år siden
  • B R A I D S - B R A I D S Naturlig pynt plukka langs hagegjerdet. Strå i lange fletter. Sola som skin. Handmade is the new black. ❤
    for 11 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og p...
    for 12 år siden
  • -
    for 12 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 12 år siden
  • Sjølvforsynt - Eg er så frekk at eg legg ut eit bilete av nokon andre sin kjøkkenhage! (Det er ikkje ein gong eg som har teke biletet...) Mi inspirasjonskjelde! Her g...
    for 13 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 13 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 13 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 14 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 15 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!