No nærmer det seg storslått bryllaup i det store utland. Vi gler oss maksimalt til denne turen. Tenk sol, varme, familie, fest og shopping i to veker til endes...:)
I helga hadde vi utdrikningslag for mi kjære søster og gode veninne! Heile den gamle gode gjengen var samla for å hedre bruda.
G - God
U - Unik
N - Nær
N - Nabo
H - Hærleg
I - Initiativrik
L -Lun
D - Drømme søster
Det dukka opp mange gode minner då vi gjekk gjennom minneboksen. Alle jentene hadde med seg ein gjenstand som symboliserte ei oppleving saman med Gunnhild. Her dukka det opp rosinboksar, karri krydder, drømmefanger, wienerbrød, kofeinfri te og mykje anna! *hehe*
Vi vil benytta sjansen til å takka våre gode venninner som gjorde dagen til ein fest, Benthe for lån av bil, Michael Jackson som var sjåfør, "Sjøkanten" for aromaterapibehandling på ein laurdag og Vertshuset i Uskedalen for god service og ikkje minst papsen som køyrde minibuss heile dagen/natta!
Klem Frøydis & Heidi
2 kommentarer:
Vi kosa oss masse. Mykje minner som kom opp der...
klem V
Kjempe koseleg! Å for ein fin gjeng. Tenkte å leggja ut eit lite inlegg til mine fantastiske veninner og forlovarar:). Hadde berre ikkje bileter frå den dagen...tihi... Tusen takk. Klem frå takksame meg.
Legg inn en kommentar