Denne jakka og huo falt eg heilt for når eg fann den på heimesida til Sandnesgarn. Er strikka i ei blanding av ull og silke. Tenkte detta måtte vera ei kjempe god vår sommar jakka te minien i huset. Gjekk på med godt mot, men når eg hadde strikka armane og opp under armane te jakka då stoppa da opp. Mamma måtte sjå på da og meine at da ikkje går å gjera sånt som mønsteret seie.... Då overtok ho og strikka den saman:-).
Saman er vi gode;-).
Jakka er blitt kjempe fin. Modellen ville no helst ha tak i kameraet mitt.....
Ha ei fin sommarveka.
Klems V
1 kommentar:
Fy flate kor skjønn!
F
Legg inn en kommentar