Endeleg har eg fått meg ein eigen plass til symaskinen. For nokre veker sidan omgjorde eg eit soverom til syrom/leikerom. Ut med gjesteseng og inn med sypult og stoff i alle variantar! I tillegg har vi sett inn eit lite bord til ungane, der har dei teiknesaker og perler framme til ei kvar tid:) På eine veggen har vi masse hyller som innheld interiørblad, legoklosser, småbiler, dukker, tekstiler, cd-spelar, spel, albumer osv. Det er kjekt å ha ungane rundt seg medan eg sitt og putlar med mine små og store prosjekt.
Sengesett og stoffposar i ulike variantar!
Sykroken min! Det er mykje lettare å setta seg ned når maskinen står klar.
Babybukse i fine duse fargar!
Det er rart kor arbeidlysta kjem kastande over ein innimellom. Når eg først får ånda over meg startar eg opp mange prosjekt på ein gang:)
Tusen takk for kjekke kommentarar på gåvekort innlegg. Vi tre kusiner gler oss til trekninga når vi passerer 30.000 besøkjande.
Ha ei kjekk veke folkens!
Klem Fr♥ydis
3 kommentarer:
Detta såg veldig kjekt ut! Eit slikt rom drømmer eg om..... Må berre få meg eit større hus først. He he:)
Snakka meg om nevanyttig syster...Fy søren. Stor klem Gunilla
PS. Fortsett å kommentera folkens. Kjempe koseleg, og hugs du kan vinne 500 kr. Eg er diverre ikkje med i trekninga.
Så koselig sykrok!! Skulle ønske jeg hadde plass til det også - for det er sm du sier, mye lettere å få gjort ting når manskinen står fremme.
Mange fine ting du har laget til nå.. ;)
Klemda
Legg inn en kommentar