Denne flotte kokeboka fekk vi på barneskulen. Sidene heng laust og permen er gått fullstendig i oppløysing, etter hard bruk av søstrene Nilsen. Sjarmerande og søt bok.
Den bringer fram gode minner om den gongen vi måtte ha lange forhandlingar (oss i mellom)om kven som skulle bestemme menyen denne dagen. Eine dagen var det bløtekaka, andre dager osteskiver. Med andre ord svært variabel meny.
Vi er så heldige at vi alltid har fått utfolda oss på kjøkkenet. Vi har vore spesielt glad i baking, noko som ofte har medført til ein gode del "mjøl" i lufta heime på kjøkkenet til mamma og pappa. Sikkert rimeleg frustrerande då vi rigga oss til med kjøkkenmaskin, og ein full benk av ingrediensar som skulle testast ut...
Denne gleda har igrunn fortsatt, og no er det våre ungar som elskar baking og om nokre år er det kanskje vi (søstrene Nilsen) som prøvesmakar kreative bakverk og deilige middagar?!??Gledar meg allereie.
Til helga er det 3-års dag i heimen og kanskje tek eg fram den gode gamla kokeboka og brillierar med gamle oppskrifter frå Walt Disney kokeboka vi brukte på 80-talet.
FORTSATT GOD OL!
Klem Gunilla
3 kommentarer:
Å, den boka e kjekk. Den har vi her i heimen òg. Fin vekeslutt te dåke.
ååååå vi gler oss te å smaka resultatet i helgo;-)
V
Å eg hugsar endå den marsipankakavi laga då Merete passa oss..haha!
Klem F
Legg inn en kommentar