Her i Sandnes har vi ein alletiders ferie med tante Sigrid og "onkel" Inge! Nyttårsafta koste vis oss med kalkun, sjokoladepudding, fruktsalat, snop og masse brettspel!
I dag har vi vore på middag hos Shalini med familie. Vi fekk servert deilig indisk middag. Det var kjempe godt! Dei er gjestfrie som alltid. Etter middagen drog vi på kino og såg "Alvin og gjengen". Ungane skrattlo frå byrjing til slutt, så det var absolutt vellukka.Læremesteren sitt prosjekt!
Amanda har fått sine første sokkar av mormor..hehe
Ellers så kan eg meddele at Sigrid har lært meg å strikka sokkar....ENDELIG!!! Vi koser oss litt om morgonen, litt utpå dagen og masse om kvelden... Så no er eg klar med mine første tre sokkar. Kanskje rekk eg ein til før vi reiser heim? No må eg berre halde det ved like...Godt svigersysto kjem heim i januar.
Ha ein strålande dag. Tusen takk for at du ser innom bloggen vår.
Klem ♥Frøydis♥
1 kommentar:
Så koseleg! Dei blei jo knallfine. Klem systo
Legg inn en kommentar