Føler dette ligg an til å bli eit veldig negativt innlegg, men det er ikkje meininga.
Blogging skal jo vere inspirasjon og ikkje noko anna. Her på vestlandet auler det med brune ekle store sulte sniglar. Dei har nærast innvadert hagen og storkoser seg rundt kaninburet og snusar oppi urtehagen min. Det virkar faktisk som om kaninene er redde disse ekle brune treige, seige, motbydelige sniglane. Dei tørr ikkje gå ut når ein sleip j..... har sneke seg opp i buret og forsyner seg av både salatar, gulrot, eple og tørrfor. Grrr... Eg tok ei solid økt etter at ungane var lagt, for kaninene si skuld. Deretter luka eg "gårdsplassen" for ugrass som har innvadert tunet den veka vi har vore vekke. Skal ikkje sei at alt er vekke, men likevel ein del er tatt. MASSE gjenstår, men det får eg ta når snikkerane er ferdige og har flytta den store saga utanfor. Blir med andre ord aldri arbeidsledig...
Eg gjekk ned igjen til kaninene etter at alt dette var gjort for å forsikre meg om at dei koste seg med den gode maten, men NEIDA. Dei forbaska brune ekle sleipe sniglane hadde innvadert inngjeringa og kaninen stod inne og kikka ut. Grrr.... Eg tok meg nok ei økt og plukka alle dei sleipe ekle sakene og salta dei godt. Det er visst eit tips! Andre med gode tips, så takkar eg så mykje... FORTVILANDE med slike ekle gjester i hagen.
Eg håpar veret lettar no neste veke. Vi har så lyst å farte litt på sjøen og ikkje minst berre tilbringe tid utandørs!
GOD SUMAR VIDARE.
G
2 kommentarer:
Kanskje du kan strø litt salt rundt inngjeringa?
El lage ei felle til dei?
hahahaha
Då tar eg vel knekken på dei søte små? Hehehe...huff dei er altså så ekle. Klem Gunilla
Legg inn en kommentar