Denne søte ildtoppen fekk eg av ei SUPER omtenksom venninna på jobb idag. Tusen takk snille HEIDI! Den har fått hedersplassen på spisebordet... Potta er av typen "Greengate" , den gir meg sommarstemning!
Vi tilbrakt ettermiddagen i sola. Tripp/Trapp stolane har fått seg eit nytt strøk. Det skal ikkje så mykje til så er dei så gode som nye...
Prinsen har vore opptatt med fotballtrening, og prinsessa har vore på tur med mormor og Amalie...(dokka) Eg har faktisk vore heilt aleine i huset....Gjett om eg fekk unna både husvask og klær!!
Ellers så er eg imponert over kor sta ein 7 åring kan vere...Kvelden vart avslutta med eit krigshyl; Han vil ha shorts på skulen i morgon!!! Da synes mammo var vel tildlig på året... Ikkje lett å setja grenser når vi har ein onkel (byrjar på P) som har gått i shorts/t skjorte i vekesvis, ei tante (byrjar på L) som har sete i solkroken sidan februar og ei mormor som går serdeles lettkledd rundt hushjørnene:) hahahaha
Marcus iført Barcelona outfit fra topp til tå.....
Eg måtte beint fortelle Marcus ein historie fra 80-talet, historien om då mamma ikkje fekk låne øksa av mormor.....Eg hugsar det endå. Vi var sinte som lemen, men då mormor forklarte at vi ikkje fekk låne øksa fordi ho var så inderleg glad i oss, så fekk vi noko å tenkja på!!!!!!!!
Da blei no folk av oss og!
Ha ein fin torsdag folkens....
2 kommentarer:
KJEMPEKOSELIG:) Er så kjekt å følge med på kva dåke foretar dåke..
mams
Hehe...den var god!!!! Shorts er tingen...Eg har ein kamp kvar dag om sommarskoa kan brukast. Sandalar...hehe...litt tidleg.
Legg inn en kommentar