Desse supersøte egga fekk ungane hos ei god venninne:) Når eg fekk desse egga opp i nevane følte eg at eg hadde sett dei før på ein måte. Dei minna meg verkeleg om gode gamle dagar. Spesielt den søte jenta?? Det var slik vi hadde glansbilder og liknande av på 80-tallet....
Ein GOD følelse kjem når eg ser på dei.
TUSEN TUSEN TAKK ÅSTA!
Ute er det ØS PØS regnver...men inne i stova sitt 4 gutar og spelar Play Station medan dei skryt av kor gode dei er i fotball, og kor mykje pengar dei har i banken...hahaha. Den eine har meir enn den andre. Dei fire gutane er fra 6 til 9 år.... Fin alder...men verdens mestera er dei alle:)
Vi var nett på Husnes for å hente minstejenta som er på liggebesøk hos tante Tine og gjengen, ho gjekk fullstendig i lås og ville IKKJE heim endå..haha. Så det var BOMTUR...
No er mannen gått for å handla til resten av påsken, og i kveld skal vi ha kosa oss med nybakt brød, kakao og pålegg i alle variantar!
HÅPAR DÅKE HAR EIN FLOTT PÅSKE!
3 kommentarer:
Det var skjønne egg, virkelig!!KOs dere videre i påsken!!
HIlsen fra Anette
Nydelige egg!!!
Eg har fått tre påskeegg i år faktisk! Ska feita meg opp jah...
KOS DÅKKE I PÅSKEN!
Snille Åsta:). Klem G
Legg inn en kommentar