torsdag 16. april 2009

Kjøkkenhage klar til planting

Mine skjønne små hjelparar er så gode å ha. På fridagen planta vi endeleg ut litt frø til forkultur. Ungane hjalp meg med planting og eg kan lova deg at tunet var full av frø etterpå. Eg ser ikkje vekk ifrå at det vekst både agurk og tomatplanter rundt omkring om nokre veker:). 

Vi planta tomat, agurk, sukkererter og i dag har eg kjøpt dill, bassilikum, oregano, rødbetar, og blomsterfrø. 

Frå før har vi grasløk, persille og rabarbra. 

Mmmm.... 




Viss du har tips til noko spanande å ha i kjøkkenhagen så vil eg så absolutt takka for det!!!! 

Sikkert ein heil masse eg ikkje har prøvd eller tenkt på. Til neste år er planen å skaffa seg eit lite drivhus, men fyrst må hagen gjerast klar og bassenget fjernast.

Vi har eit gammalt basseng laga av elvastein som tar "store" delar av hagen. Det skal vekk og plen skal plantast, altan skal utvidast, lysthus skal byggast, mur skal lagast....JA...vi ventar på LOTTO gevinsten. Det er ein langsiktig plan. 

HA EIN SKJØNN KVELD.

Klem Gunilla 

3 kommentarer:

rod i hob sa...

Hello ju!!
Ska sei dåkke he våre flinke :-)
Sku ønska eg hadde sånne lyste når de gjaldt planting å sånn! Drivhuset her var noke av det fyssta me fjerna -de va gedigent!! Å tok største delen av terassen!

Nå e de kveld -fader- må visst legga på sengklær fysst!! ANGRE PÅ AT EG IKKJE JORE DET TIDLIGARE I DAG JA!!

NATTA :-)

solglimt sa...

Heisann!! så kosleg! blir kjekt for dei små(og store) når det byrjar å spire, og ikkje minst når ein kan hauste inn "avlinga"!

Ha ein fin dag!

Den gode feen sa...

God morgon. Det som var den største hit'en i våre grønsakskassar i fjor var utan tvil potetene. Det virka som om S følte han var på skattejakt då me hausta dei inn, og det var verkeleg kjekt å sjå. Kvar middag etterpå, der me brukte potetene "hans", åt han som ein helt. Så i år satsar me stort sett berre på poteter, og kanskje fleire sesongar med dette er me heldige med været :)

Lukka til med hageprosjektet og Lottomillionane. Skulle hatt ein Lottopremie me også :)

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • daffedag - av og te så får eg da for meg at eg skal bli så sporty og sprek liksom, glemma alt som hette migrene og elendighet - frisk luft vil gjera meg så bra a...
    for 7 år siden
  • Løvli sjal. - Dette sjalet heter Løvli og har en flott løvkant. Det er strikket i Drops Baby Merino på pinne 5. Det er _strikkelisa_ som har laget mønsteret (samme ...
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • Et lite tre... - På veggen! Et slags juletre har kommet opp på veggen! Vi har pyntet det med gamle julekuler, hjemmelagde snømenn og andre duppeditter!
    for 9 år siden
  • Julekalender 2015: med et lite glimt fra kjøkkenet - Med to små halvsyke her hjemme idag, så blir det halvdårlige mobilbilder her på bloggen. Is og pepperkakehjerter, det hjelper iallefall når en liten er...
    for 9 år siden
  • B R A I D S - B R A I D S Naturlig pynt plukka langs hagegjerdet. Strå i lange fletter. Sola som skin. Handmade is the new black. ❤
    for 9 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 10 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og p...
    for 10 år siden
  • -
    for 10 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 10 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 12 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 12 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 13 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 13 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!