I dag har bestisen min fått seg ei nydeleg prisessa. Eg har gått på vent i heile dag (sidan eg fekk melding om at no var det gong på det...) og endeleg kom beskjeden om at nurket var født. HERLEG!!!! Gledar oss veldig til å sjå og holda skatten...
I dag har eg hatt ein skikkeleg ufrivillig innedag, sidan vesleguten er sjuk. Stakkars søte liten ven, ikkje greitt å vera forkjøla, få ny tann samt ha feber. Lenge leve Elias, Kaptein Sabeltann, Karius og Baktus, Gubben Katten...m.m.
Det er ikkje så gale at det ikkje er godt for noko. Huset er nyvaska og dei "nye" barkrakkane er under oppussing. Eg fekk dei av mi gode og veninne, nybakt tobarnsmor, for nokre dagar sidan. Kjempe snilt! Ho skulle hive dei på SIM, men takk og lov at eg var innom...hehe...
Vi har snakka om å kjøpa oss to barkrakkar i lengre til, men naturlegvis kostar dei vi vil ha litt for mykje. Difor er det heilt toppers med barkrakkar frå IKEA og ei skvett oljemaling.
Ha ei god veke folkens. Vi set stor pris på ein kommentar og to, syns det er veldig lite av dei...*sukk*.
PS. Målet for veko er å gjera ferdig loftstova, som har stått brakk i nokre månader. Rommet er på sett og vis ferdig, men det gjenstår å olja golvet. Eg er så og sei ferdig med pussing av golv, men jobbar med å få vekk litt søl nedfor listene, grunna litt slepphent maskering....grrr....
Klem Gunilla
4 kommentarer:
Titt tei! Her e eg me en liten kommentar vett du ;-)
Fine barkrakkane blei! Me har akkurat like -men dei står i baren, så eg gidde ikkje "pussa dei opp" Baren e "mannen" sitt... ;-) Eg har våre på kino -knallbra film, og nyyyydelig himmel ute ettepå!!
Krakkane blei superfine dei, ikkje alltid so mykje so skal til. Litt maling hjelpe ofte godt på. Ha flott veke.
Super kjekt med nok ei prinsessa blant oss:)
Flotte krakkar.
Klem F
Heisann! Krakkane blei kjempe fine! Utrulig kva litt kvitmaling kan gjera:) Eg ska snart på butikken å kjøpa kvit spraymaling. Blei inspirert av rod i hob;)
Klem
Legg inn en kommentar