Soverommet er eit av dei romma eg ikkje er nøgd med. Soverommet i seg sjølv har eit stort potensiale med store fine vindu, fantastisk utsikt og mange mulighetar...
Det er inredninga eg ikkje likar. Dvs. senga er så absolutt ikkje vår stil, og skapa stod då vi overtok huset... Rommer masse kle, og det er det viktigaste. TROSS ALT.
I påsken fekk eg eit lite infall og ville gjera noko med senga. Sidan vi ikkje har lommebok til ny seng akkurat no så fann eg ut at eg kunne gjera det beste utav den vi har.
Jernsaga vart tatt i bruk og senga blei "ny". Tihi...måtte smiska VELDIG med mannen for å få det i boks.
Dobbelseng, men enkelseng ved sidan av. Vi legg oss ALLTID to, men våkar alltid tre??!??
Er det ikkje rart? Prinsessa kjem snikande kvar einaste natt og luskar seg under dyna mi på eit
eller anna vis. Prinsen kjem tuslande inn tidlege morgonen...Zzzzz...
På kommoden til mannen står eit koseleg bilete av tvillingane (søs + meg) og mamma, ser at vesleguten min er veldig lik på meg sjølv....kjekt!
Ha ein fortryllandes kveld så kjem det nok sikkert litt meir knask seinare i helga. Målet er å få hagen i tipp topp stand og elles kosa oss masse i sola. Deilig å vere ute heile dagen:)
Det er jo meldt strålandes sol her på vestlandet.
Klem Gunilla
1 kommentar:
Så flott altså!! Stor og deiliiiig seng for familien :-)
Herlig ver om dagane -eg ska komma meg ut å jera litt i mårå va planen!! Te mannen sin store fortvilelse like eg å ha det ryddig inne O G -Så idag he eg kun pussla med det!!
God helg iallefall :-)
Legg inn en kommentar