Etter mykje klypping og stussig fekk endeleg den flotte blodbøka julalyst på.
Vi brukte nært sagt heile dagen på denne store hendinga... Køyrte til Husnes og kjøpte lys, klypte treet masse, heiv kvistane ned i skråningen, og gumla i oss store mengder sjokolade:). Koseleg var det og Bulle hadde ein heroisk innsats i tretoppane. Motorsag og livet som innsats. He he... No kan jula kome!
I tillegg har den vesle landsbyen innandørs (H.C Andersen) fått seg eit flott tuntre i midten av alle dei tre husa, skikkeleg koseleg!
God 2. søndag i advent.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar