Hausten er her for fullt og vi har vore på epleinnhausting (for fleire veker sidan) og no makkinspeksjon.
Det ligg ein haug med epler på bakken no, nokre råtne (full i makk som kosar seg glugg ihjel) og andre tilsynelatande fine!
Veldig spanande å trakka på eplene slik at eplesafta og eplekjøttet sprutar til alle kantar, alt er jo lov med epler som ligg på bakken. Eplehopping er ein ny hobby på hausten, og kan anbefalast alle.
Både liten og stor syns det er kjekt å vere ute i haustsola og nyter varmen frå sola i fulle drag! Alltid lika kjekt å leika i hagen til onkel byngen, den gir liten og stor mange kjekke opplevingar. Ikkje sant jenter? Epleslang, politi og røvar, hopp over elva utan å bli våt, fiske, nistemattur, ridebane, sykkelkonkurranse (frå toppen på skogavegen, gjennom hagen, nedover bakkane og mot elva), aking, hyttebygging og ikkje minst slotten kvar sumar.
Kanskje vi ein gong får ein slik velstelt og fin hage full i gamle flotte frukttre?!?? Idyll.
1 kommentar:
Hei!!Kor kjekt da var å kikka innom her!!Blei nesten litt sentimental no,begynte å mimra om "gammle dagar"Beskrivelsen av denne haust dagen, var jo som tatt ut av vår barndom!Har så mange gode og kjære minne frå eg var liten,og vi farta rundt i "hagen"!!
Klem frå vigdis
Legg inn en kommentar