lørdag 13. juni 2009

Laurdag


Når onkel bestemmer så eg vi både høgt og lavt......



Aleina på taket te mormor!!!!



I formiddag var vi og såg på eit Fjordingføl som var fødd på tysdag. Det var nettopp komme ut på bakkane når vi kom! Spratt rundt og sjekka alt nya som var der. Vetlajento var noko skeptisk til alt, medan Gulleguten syns detta var kjempe stas og dei to vart gode kompisar!


Ha ein fin laurdagskveld.
Klem V


mandag 8. juni 2009

Liten gut og kul bil!

Det er ikkje kvar dag eg vaskar bil, men denne helga har eg og ungane verkeleg tatt det heilt ut.

Vesle pompen har vaska og stelt brannbilen sin, det var heilt naudsynt... Den var full av pollen og støv. 

Elles er det jo ofte slik, ihvertfall i mi heim, at når du snik deg til og berre nett skal ordne og fikse noko i full fart. Ja då.... DÅ kjem dei begge to og vi bidra med ei hjelpande hånd:). Sånn typisk når du skal baka ut brøda, vaska do, plukka opp knuste glas/fat, støvsuga... Ja i det heile, akkurat når du helst skulle tenkt deg å ta deg av det heilt sjølv, utan hjelp...

Det er jo litt søtt då... 


Dei brune gode hendene gnikker og pussar på den tøffe bilen! 



Ha ei fin veke alle i hop.

Gunilla 

lørdag 6. juni 2009

Hus og hage.


Vi har ein del ulike planter og buskar i hagen. Disse takløkane lever sitt eige liv i muren. Sprer seg og veks både i breidde og høgde. Syns dei er litt spesielle... Klarer ikkje heilt å bestemma meg for om dei er fine eller ikkje:). 

Vi har masse grasløk, heilt nydeleg når dei blomstrer...

Litt av urtehagen, som for tida ikkje har høgaste prioritet. Ser fram til å ha drivhus, det er liksom tomat, agurk, og slike nyttige ting som er kjekkast syns eg. I tillegg er det kjekt med urter til middagsbruk. 

Disse søte blomane kjem igjen år etter år og står i muren. 


Tomatene hadde det heilt klart betre innandørs, men eg håpar det blir noko av dei til slutt... 

Blomar klar til blomstring. Blir oransje og friske! 

Kryptorsketunge har innvadert muren vår. Utruleg enkle blomar som sprer seg vanvittig frå år til år. Håpar at dei på sikt kan dekke heile muren.... 

Persille... Mmmm... dekorativt og godt! 

Våre nye husdyr, KJEMPE søte. Det er to hokaniner. Ungane har funne namn heilt sjølv.

Dei skal heite "Kaptein Sabeltann" og "Trine". Kjempe søtt! 

(PS. Mi kanin heitte Trine då eg var lita, så litt føringar har det nok vore...hehe....) 

Endå litt murblomar... Dei fekk eg av systo i fjor. 

HIV O` HOI! 

Huset under oppgradering. Altanane skal ha liggande smale bord, blir mykje nettare. 

Mykje som skal malast. 


Snart grøn og fin bakke. Gledar oss til crocket-aften når den er klar. Satsar på at dugnadsgjengen er klar:).

Eg er ikkje heilt ferdig med denne senga.

Fakta om senga er: Oldefaren til min kjære mann laga denne senga samt ein søt kommode til min mann si mormor då ho var lita jente.

Det er med andre ord mine ungar sin tippoldefar som har snekra denne flotte senga. Skjønar?!?? Eg blei nemleg informert om dette før i dag... ein liten fugl frå øya fortalde meg det:). 

Det betyr at den er ein generasjon eldre enn kva eg trudde. Så då er det sagt:). Stemmer dette svigermor? Tihi.... 

HA EIN FLOTT HELG!

Klem G

fredag 5. juni 2009

Det er sommar, det er sol og........


Skorpetrollet var kjempe stas for ei lita jenta på 2 år!!!!!


I dag har Gulleguten på 5 år vore med onkel B og sett båten til mopappa på sjøden!
Han har fått styra heile vegen frå naustet til båthamna. Han var kaptein på den vetle turen mammo og vetlasysto fekk vera med på og!!!!!


Vetlagullet syns detta var kjempe stas. Så no har onklane og mopappa eit hint om kva vi kan gjera i sommar!!!!
God helg.
Klem V

torsdag 4. juni 2009

Ein ny sjanse...


Denne vesle søte senga låg svigermor i som lita jente. Det er gode seksti år sidan, og det var pappa`en hennar som laga den. 

Det er ei regulerbar seg som ungane kan vekse i. Den er veldig søt, men har stort behov for litt oppussing.

Sidan det er/har vore mott i senga krever den ein god runde med mottmiddel, oljemaling og lufting før eg vurderar å ta den i hus. Så kanskje ein gong kan det bu ein liten prins og prinsesse i denne senga.  

Det er uansett stas å ha arva denne senga og førebels blir den brukt som gjesteseng på loftet. 

Det er litt bloggtørke her for tida, mange prosjekt rundt huset. No skal altanen endeleg utvidast, så i løpet av eit par veker så kan vi forhåpentlegvis ta den nye altanen i bruk. Det ser vi fram til... Mannen jobbar på spreng med maling og hagearbeid, kjempe flink! Eg er delvis med, sjølvsagt, men det begrensar seg litt etter at ungane er lagde.  

Dagens altan er altfor smal, samt har eit veldig lite sjarmerande rekkverk. 

Ha ei god helg alle saman.

Klem G

onsdag 3. juni 2009

Ei lita prinsesse!

Denne veka har eg vore med "sengamat" til mi super gode venninne Heidi! Ho fekk ei nydeleg lita prinsesse for nokre veker sidan... Det varmar å sjå slike søte, nyfødte nurk som kosar seg i favnen til ho mor. Eg fekk jo sjølvsagt låne ho litt, og blei ikkje mindre sjarmert då ho sovna så avslappa på skuldra mi......!


LIVET ER HÆRLEG NÅR ALT GÅR BRA!!!
F

mandag 1. juni 2009

Det spirer og gror!

Vel overstått bursdag kjære snille mammo vår. Hadde ikkje lyst til å leggja ut noko nytt i dag, sidan forrige innlegg var til ære for deg:).

Her i heimen spirer og gror bassilikum, sukkererter, tomatplanter, agurkplanter, chiliplante, blomar og i det heile. Veret er upåklageleg og forholda for urtene m.m er optimale.

Eg har masse bileter på lur, men må frigjere litt plass til bileter og rydda litt på datamaskinen, så ordnar det seg nok etterkvart. 



Ha ei flott veke alle saman.

Agurkplantene og bassilikumen er forøvrig flytta ut i urtehagen, den får nok eit eget innlegg i veka:).

Klem frå Gunilla 

søndag 31. mai 2009

Vår fantastiske mamma!!!!!!!!!

I helga har vi feira 50 års dagen til vår FANTASTISKE mamma. Vi har sjølvsagt planlagt denne begivenheten i nokre veker, men det har vore ein FRYD sidan alle har vore så gira på fest!!! 70 gjester var inviterte, og omtrent samtlege takka ja!!!(Dei få som ikkje kunne hadde god grunn....tihi..)
Små materalistiske glimt frå festlokalet....Dei andre bildene heng fast i filteret....


Festen var ein sann suksess frå ende til annen. Det var mange fine talar, dikt og songar til mamma som rørte oss langt inn i hjarterota. Ho fortjente kvart ord, og det er så godt at det blir sagt... Alle gjestene STORKOSTE seg, og servitørane gjorde ein framifrå innsats med oppvertinga. Bandet spelte musikk som gjorde at dei fleste fekk svingt rockefoten!!!
TUSEN TAKK til alle som kom og gjorde denne festen så vellukka! (Og ellers ei stor takk til alle som har stilt hagen til disposisjon for blomstrar, trødd til med matlaging, pynting etc etc)
Klem festkomiteen som er STORNØGD

fredag 29. mai 2009

Bileter frå nasjonaldagen!!

17. mai hadde eg store problem med å laste ned bileter fra kameraet mitt, så eg legg inn nokon av dei litt forsinka! Eg synes dei var så søte at dei fortjente plassen på bloggen vår....Eg håpar slekto ikkje har noko imot å bli publisert.......eg skulle ha spurt!!!



God stemning i eit hærleg ver!


Såpeboblegutten min som ikkje er så lett å ta bileter av!

Tenk snart 7 år....

Vi kjem sterkare tilbake etter 50 års dagen på laurdag!!!!!!!!!!!!!

Vi gler oss masse....

F

søndag 24. mai 2009

Hyttetur, shopping og sightseeing.

Denne helga har vi vore på hytto til mamma og pappa.

Mamma, ungane og eg drog opp etter jobb på fredag. Alltid stor stas å ta turen på hytta. Reine himmelriket for ungane. Deilig å gjera noko anna av og til.

På laurdag skein sola og vi var turistar i Norheimsund. Der var masse kjekt for både liten og stor. Vi mata endene, shoppa, åt is, jorbær, fiskekaker, laurdagssnop, og mykje anna kjekt. På returen stoppa vi for å sjå på fossen. Det var VELDIG spanande! Veslepompen syns denne kraftige dusjen var litt i meste laget.... mollemor derimot syns det var veldig spennande!!!!

Husbonden har vore på segling sidan onsdag, men kom overraskande opp laurdagskveld. KOSELIG! 

Ha ei fin veke alle saman!  











Klem frå oss i kråkeslottet. 

lørdag 23. mai 2009

3 lodd til meg takk!!!


Hei igjen folkens!
Var ikkje dette tøffe kjøkkenhåndklær? Har du lyst til å vinne dei må du sjekke Livs Lyst sin blog.

Lykke til!
F

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!