søndag 28. juni 2009

Helsing frå sør....

No er ferien godt i gang i sør. Vi har hatt ei fantastisk helg på Okse utanfor Kristiansand. Første dagen gjekk med til grilling og kos på hytta, dag nummer to tilbrakte vi i dyreparken, medan den siste dagen nøyt vi i skjærgården!!!! Veret har vore perfekt, og stemningen er god!!!




Ungane utanfor Kardemommeby!





Kult med tralle!




Denne familien møtte vi på veg til hytta....



Søgne....


Felles mat utanfor hytta!



Aurora hoppar frå båten!




Tante Gunnhild sin nydelege hage!




Tante Sigrid sin nærmeste nabo!




To søte prinsesser!


Pølsestopp på vegen!

No gler vi oss til å fortsette ferien hos tante Sigrid.

Varme klemmar frå Frøydis

onsdag 24. juni 2009

Brune søte tåselåsar...


No spring vi alle rundt utan sko, i lite klede, og med ei vannflaske i nærleiken! Sumaren er komen for å bli ei stund. Vi har vel ei arbeidsveke igjen, men kva gjere det når ettermiddagane er så flotte som no??!??? Heilt fantastisk. Sola går ned rundt klokka 23:00 og altanen nærmar seg FERDIG. O` LYKKE, KANSKJE VI KAN GRILLA DER I HELGA. 

Ungane badar, spring i spruten og kosar seg dagen lang. Herlige brune småtassar må bada kvar kveld og fotane blir berre brunare og brunare, hendene er heilt mørkebrune. Skikkeleg søtt!

NYT SOL OG VARME FOLKENS, DET GJERE VI!!!!

Vesleguten si vesle hand med rosa neglelakk. 

Klem G

tirsdag 23. juni 2009

Blomster små gule blå, titter opp av marka nå...

Ein liten tur i nærområdet er reine naturopplevinga for tida. Alle hagane står i full blomstring. 

I dag har vår kjære onkel Bjørn bursdag, HIPP HURRA ONKEL BJØRN, TEAM SVIGERS!!!!! Her er ein liten blomsterbukett til deg frå oss i kråkeslottet. Kanskje vanker det noko meir seinare i dag, kven veit?!???


PS. Dette jordbæret har eg reservert tante Å. Mmmmm.... 












Ha ein fin dag alle saman!!!!!! 

G

søndag 21. juni 2009

Sumar og sol...

Mykje spanande hos svigermor/farmor. 

På jakt etter bauhund, shit fiske! 

Farmor fann nokre raude bær, dei var veldig populære. Mmmm... 

Vesletappen på jordbærslang. 

Båten blir klartgjort til sumarsesongen. 


Ha ei god veke folkens.

Her rundt huset nærmar ny stor balkong seg ferdig, det blir fantastisk. Skal ta nokre bileter seinare i veka. Førebels manglar rekkverk og detaljar:). 

GOD SUMAR ALLE SAMAN

G

fredag 19. juni 2009

Blomsterkasse....

Heilt sidan vi fekk terasse på oppsida av huset har eg snakka om ein blomsterkasse som alternativ til rekkverk på eine kortsida..... Det er litt for høgt å detta ned når ungane kjem susande på sykkel:) Min snille mann fekk fart på sakene og snikra ein kasse til ho mor...









Eg er utruleg fornøgd med mannen sitt verk, og er no klar til å planta i min nye blomsterkasse. Den er nærmare 0,6 cbm stor, og fylt med lekastein i botn + jord øverst. Min første plan var å plante bambus i kassen. Lyden av bambus gjer meg så lukkeleg...tihi. Mitt andre alternativ er oliventre (Det minnar meg om hærlige dagar i Barcelona, men eg fryktar at vestlandsk ver tar knekken på dei...), medan mitt tredje alternativ er urter av ulike slag! Sidan kassen er ca 2 meter brei og over ein meter høg synes eg det høver seg med noko som visar godt igjen. Det er temmeleg verhardt på oppsida, så det er også eit hensyn vi må ta. Har du eit TIPS til kva som kan ta seg godt ut i min nye blomsterkasse???

Eg blir takksam for gode idear. Fint om du legg igjen ein link til forslaget ditt..
PS: Det kjem nye bileter av blomsterkasser når eg har fått planta i han....

Stor klem Frøydis

onsdag 17. juni 2009

Familiefavoritt.

Kva skal vi ha til middag?!??? Det er alltid eit aktuelt spørsmål hos familien kork i kråkeslottet. 

Eit HIT for liten og stor er for tida spaghetti og kjøttbollar. Det er vanvittig smakfullt og veldig enkelt. I tillegg er det praktisk å lage dobbel porsjon slik at vi har det i to dagar. Smaken blir berre betre over natta. 




Ha ein fin kveld! No er det klubb.

Klem G


tirsdag 16. juni 2009

Skulebollar.....

No er det verkeleg høgtid for å fylla frysen med godsaker til strandsesongen... Håpar det nærmar deg Lendingo og late dagar på naustet....


Denna vetla snello er lika glad i å baka som mora. Det er jo veldig kjekt:) Hennar hovudoppgåve er å smaka på deigen sjølvsagt!!



Ha ein flott dag!

Bringebærsyltetøy


Vi har har masse bringebær i frysen etter i fjor sommar. Kor husmora i huset har vore i vinter? I dag har iallefall ein del fått tint seg, og i etter middag laga vi masse deilig syltetøy!!! Så no er vi snart klare til å gå å plukka årets bær hos onken B.

Klar til bruk, og litt i frysen.

Test personell inntar kveldsen.


V

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 8 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 9 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 10 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 10 år siden
  • -
    for 10 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 10 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 12 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 13 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 13 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!