torsdag 13. januar 2011

Systrene Nilsen

*smiler*
....har hatt ei travel, men SUPER kjekk veke med utsending av pressemeldig og ulike avisoppslag vedrørande kjøp av Vertshuset i Uskedalen.
*
Vertshuset er eit gammalt slakteri som er ombygd til restaurant. Vi gler oss no til å kunne tilby folk i og rundt kommunen eit FLOTT lokale midt i hjarta av Kvinnherad Kommune.
Huset ligg flott plassert ved havna i Uskedalen, og folk kan like lett komme sjøvegen til fest. Ein flott plass dersom du skal feire dåp, konfirmasjon eller bryllaup. Uskedalen kyrkje er næraste nabo....tenk; heile brudefylgjet kan spasere saman ned til havna.. Vi ser for oss mingling på ein solfylt terasse med champagne i glaset og tapas til forrett...*drømme drømme*
*
Det er mange brikker som skal på plass, men vi vonar at huset er klart for utleige i løpet av februar.
*
Les meir HER og HER.
*
Vi set stor pris på all den positive oppmerksomheten rundt kjøpet. Det gir oss ekstra energi og lyst til å forsetje planleggjinga. Du rekk oss på systrene.nilsen@gmail.com
*
God klem frå
SYSTRENE NILSEN

4 kommentarer:

  1. Gratulera så mykje med kjøpet :) Så kjekt! Dåke e tøffe! Blir kjekt å følga med på detta! Lykke til!

    SvarSlett
  2. Leste om dere i avisa, synes dere er noen skikkelig stå på jenter, utrolig modig gjort. Håper på alt det beste for dere, og ting går slik som dere har planlagt. Masse lykke til.♥ Klem ann helen

    SvarSlett
  3. Åh detta var kjekke nyheter. Kanskje eg kan få oppleva julabord der igjen he, he berre gode minner. :) Lykke til, skikklig spennande og travell tid for dåke.

    SvarSlett
  4. Gratulera og lykke lykke til ♥

    Dette får dåkke te :-)
    Kjempetilbud! Sjølv har eg verken plana om dåp, bryllup og konfirmasjon... Men kansje ein middag i ny og ne??

    God helg!

    Helsing Anne Tone :-)

    SvarSlett