onsdag 15. september 2010

Hageprosjekt...

I heile sumar har vi hatt utandørsprosjekt, og endeleg har hagen byrja å ta form!
TEST
Tidligere har vi hatt eit stykke mellom husa som berre har vore til irritasjon, eit skikkelig "rotihop". No har vi endeleg fått ein bein og fin plen. Stykket er mura inn med stein fra Ryfylket.
TEST
Haugland Maskin fra Uskedalen har laga murar og trapper for oss. Fantastisk flott arbeid!
TEST


Slik såg det ut etter første dagen!



Dei gamle ripsbuskane vart fjerna og plannering av plenen byrja!



Tunet såg rotete ut, og eit lastebillass av stein låg på vent...


Haugland Maskin har trylla fram tre flotte trapper og ein ny mur.
TEST

Slik såg det ut før vi sådde plen. Her kjem sandkasse og dissestativ! Eg håpar ungane får stor gleda av den utvida hagen. Fordelen er at vi har god kontroll frå terassen...Om eit lite år traskar nok vesle Lotta rundt med spade i handa medan vi grillar på terassen.....


Når første fasen var ferdig sette vi ivrig i gang med beleggningsstein utanfor inngangspartiet. Eit lokalt firma var ferdige med 220 m2 på ei veke. Kjempe kjekt!
TEST
Tunet ser no endeleg ryddig og reint ut.
TEST
No gjenstår ein del planting av stauder i fjellet rund huset. Ser for oss krypande stauder som trives i lite jord, og som veks utover fjellet. I morgon kjem "svigermor" fra øya. Ho har god peiling på staudar. Viss veret er på vår side plantar vi i til helga...

HAUSTKLEM fra Frøydis

2 kommentarer:

  1. Fy faen va flott va? Hehe...kurap og garderobepromp. Løøøøøv

    SvarSlett
  2. Å, så fint dere har fått det. Her skal vi prøve å lagt belegninsstein til våren igjen. Gleder meg til å bli kvitt sand og grus.

    Ønsker dere en strålende flott helg.

    SvarSlett