lørdag 7. august 2010

Ferietid!

No har vi verkeleg hatt FERIE i Hagen! Sumaren starta FANTASTISK då vårt nye familiemedlem kom til verda i juni. Ho har snudd opp ned på kvardagen, men det gjere ingenting med ein slik sjarmør. Vesle Lotta er ei snill lita snelle som har glidd rett inn med den sprø storesøstera og den kule storebroren:)


Ein betre start på sumaren kunne vi ikkje fått!


Heldigvis har vi ein STOR familie rundt oss. Vi har hatt mykje besøk, og elles farta litt rundt.
TEST
Dei to eldste har vore ekstra godt ivaretatt av snille tanter, onklar, besteforeldre og gode vener! Fleire ganger i veka er mormor og Lotta på trimtur rundt bygda.
TEST
Det er er ikkje alltid så enkelt å vere spontan med baby i huset!
TEST
TEST
I juni hadde vi ein kjekk tur til Sandnes. Her slappa vi av med familien. Oppvartning i særklasse både hos familien Wiedenmann og Knudsen. TUSEN TAKK!


TEST
Ingen tvil om at VM dominerte første halvdel av sumaren. Då vi var i Sandnes var vi på VM-FEST hos våre "tyske" vener:) Ungane hadde det knall kjekt sjølv om kampen enda i tap for Tyskland sin del. Kvelden vart avslutta med overnatting i telt....inne i stova! *tihi*TEST

TEST

Innimellom regnbyene har vi kost oss på terassen. Vi har hatt mange fine dagar utandørs. Det har stort sett vore varmt i veret sidan juni.
TEST
TEST

TEST
I midten av juli samla vi Nilsen slekta på Sanden. Det var ein kjekk dag med deilig mat, kjekke leikar og konkurransar. Dette må definitivt bli ein framtidig tradisjon! Til neste år satsar vi på at alle er heime, og at familien har blitt endå større?!
TEST
No gler eg meg til min betre halvdel tar ferie på mandag, og ikkje minst til bryllup og kalas i varmen!
TEST
Stor klem Frøydis

3 kommentarer: