tirsdag 8. juni 2010

Hageprosjekt!

Det er løye kor ein lagar seg arbeid når ein flyttar inn i nytt hus. Tomta vår er på litt over eit mål, og på nedsida av huset har vi ein kjekk flate der ungane kan spela fotball! Eldsteguten spelar kvar einaste dag og det er jo knall kjekt. Problemet er at det blir mykje springing etter ballen. Det er ganske kave å spasere ned steinrøysa kvar gong han fyrer av eit blindskudd. I fjor sommar bestemte vi oss vi å få gjerde rund deler av fotballbanen.
TEST
I bakgrunnen skimtar du banen. TEST


Vi sette i gang, lånte minigravar og fekk forskala ein ringmur langs plenen.
TEST
Broremannen stilte på dugnad og fekk støypt saman med husbonden.

I midten av mai hadde vi eindå ein dugnad saman med vener og familie. Karane jobba i timesvis og mor i huset er STORNØGD med jobben som vart gjort på ein dag!

Her ser dykk resultatet fra innsida. I utgangspunktet skulle eg ha ein hekk med laubærhegg på innsida av gjerdet, men førebels droppar vi hekken.
TEST
Neste storprosjekt i hagen er ein del nye murar, samt beleggningsstein rundt inngangspartiet. Det skal bli hærleg å få det reint og ryddig rundt dørene.
TEST
Ha ein kjekk dag og kos dykk i HAGEN!
TEST
Klem Frøydis

1 kommentar:

  1. Spennande prosjekt :-)

    Godt å sjå at de går sånn på fram!!
    Her står det meste på stedet hvil.... :-/

    SvarSlett