torsdag 27. mai 2010

Phu...

Det er sjeldan eg lover ungane ting eg ikkje er HEILT bombesikker på, men i april LOVTE eg vår sprø prinsesse at ho kom til å mista si første melketann FØR ho vart storesøster..... I går kjende eg paniken kom snikande. Tanna har vore laus sidan mars, men ikkje SUPER laus heller. Eg bestemte meg for å ta saken i egne hender etter kveldsbadet. Då tanna så og sei hang etter ein tynn tråd tok sjefen sjølv tak i tanna og drog til!!
TEST
HIPP HURRA!
EIN STOOOR DAG FOR EI LITA SKULEJENTE
TEST

TEST
Etter at latterkrampen hadde lagt seg og gledeshyla var unnagjort kasta Aurora seg på telefonen til dei tre tantene... Det var i grunn ikkje så mykje lyd i ho, for tunga var konstant innom det nye holet i tanngarden.
TEST
Takk og pris for at tannfeen kom innom i løpet av natta. Det var nemlig bånn gass opp trappa klokka sju i dag tidleg...ein time før normalen.
TEST
Klem tannlege Mathisen

3 kommentarer:

  1. ha, ha, ha, eg ler! Ja, ein må passe seg for å ikkje love dei ting som kanskje ikkje skjer!! Men godt at mor ordna opp!! Klem Solveig

    SvarSlett
  2. Ahhhh!! Kjenner at vi veldig godt kunne bodd mye nærmere hverandre:) Heldigvis er dere så utrolig flinke med bloggen! Alltid koselig å stikke innom her:)

    SvarSlett
  3. Det var ei kjempestolte tanta som fekk telefon i Sandnes i går! Tenk at eg e så heldig at eg blir tenkt på i sånne situasjonar ;)

    SvarSlett