tirsdag 25. mai 2010

Permisjon

No har eg allreie hatt permisjon i over ei veke. Dei første dagane hadde eg så mange planar at eg ikkje visste heilt kor eg skulle byrja! Loftet skulle ryddast, alle babykleda skulle vaskast, kjellarstova skulle klargjerast til gjesterom, utemøblane skulle malast, terassen skulle skurast til årets beising, vaskeromsinnreiinga skulle opp, alle soveromma skulle takast "skikkelig".... No er det viktigaste unnagjort.
TEST
Ja, eg har visst fått litt støv på hjernen. Eg kjenner eit sterkt behov for å ha det reint og ryddig i alle krokar! No høyres det sikkert ut som vi har det strøkent i heimen, men det er så og sei umulig med to små rundt meg...hihihi. Sjølv om eg har aldri så god tid så kjem rotet i takt med at eg ryddar! Idag kjente eg saknet etter å ta turen på jobb...fnis.
TEST


TEST
Vi kosar oss masse i denne ventetida. Formen er fin og ein har fortsatt ein del ugjorte prosjekt! Så får vi sjå kor lenge den minste prinsessa let venta på seg....kanskje kjem ho i natt, kanskje kjem ho om tre veker? Plutselig har vi nevane fulle og lite tid til å vera rastlause igjen....
TEST
Ha ei fin veke folkens.
TEST
Klem Frøydis

1 kommentar: