torsdag 20. mai 2010

Har du ei pusedyne på lur?

For åtte år sidan var meg og mamsen på JYSK og handla diverse babysengkle til prinsen som var på veg. Mormor handla blant anna eit søtt sengesett som var av flanell. Det er super mjukt, gult, med masse småpusar på! Dette skulle bli prinsen sin storfavoritt. Heldigvis supplerte tante Åslaug og eine kusina med trekk nummer to av samme typen to året etterpå....
TEST
Etter åtte år med heftig kos er begge trekka berre to store filler. Prosedyren om kvelden er å bretta denne filla over puta og kose seg oppå pusane. No lurer eg på om det er nokon der ute som veit kor eg får tak i eit liknande trekk?
TESTTEST
TEST
Restane av pusedyna

TEST
Sjølv hadde eg ei pute som er ihjel kost. Den var eg så inderleg glad i, og mitt største mareritt var å miste denne skatten.... Guten byrjar å bli stor, så det er litt flaut å ha med seg denne filla på overnatting.....men eg tykkjer det er sjarmerande at ein så TØFF kar er så knytta til eit dynetrekk.
TEST
Ha ein kosleg kveld folkens! Eg vonar det er mange der ute som sjølv hadde ein bamse, klut, dukke eller liknande som var ein stor del av barndommen og tryggheten!
TEST
Klem F

4 kommentarer:

  1. Så sjønnt då :-)

    Eg har dessverre ingen pusete trekk og komma med.. Men eg har to fine pusar då -så de får væra godt nok til meg :-)

    Heime med sjuk jenta i dag eg... Mon tru om eg får jort noge fornuftig?? Satse på det!!

    SvarSlett
  2. Den kosedyno er nesten oppbrukt. Herleg! Klem mosto

    SvarSlett
  3. Hei på deg!!
    Tenk at eg har eit slikt trekk liggande. Eg skal finne det fram og ta det med meg neste gang eg skal til Tveit. Helsing Marta

    SvarSlett
  4. Har du eit slikt trekk Martamor?

    Hohohoho

    FANTASTISK!

    Då kan vi gjera ein byttehandel:)

    SvarSlett