lørdag 13. mars 2010

Helg i Hagen!

Dagen idag starta med tre blide ungar og nugatti på menyen. Ungane et omtrent eit brød aleine når vi har nugatti på menyen.... *fnis*

TEST

Etter å ha farta fleire helger på rad har vi kost oss heime denne helga. Fredag fekk vi eit kjempe kjekt spel av mormor. Junior GENI. Det har vi spelt kvar kveld. Ungane kosar seg max med spørsmål i fleng. Her får dei bryna seg i alle kategoriar. Dei blir SUPER stolte av å meistre spel som dette.

♥Tusen takk mormor♥

Ellers så har vi aka med "Onkel Per Helge", "tante Olaug" og Konrad. Per Helge har laga kule hopp i akebakken. Tussaluso var ute og fjerne nye skudd frå bjørkene, til fordel for sola som kikkar innom rett som det er. Det er eit sikkert vårteikn. Papsen har rydda garasjen og ordna i vedskura. Så i morgon er vi klar for ein avslappande sundag ilag med familien.TEST
TEST

TEST

Marcus har øvd seg på snowboard i heile dag. Han stråler som ei sol medan han trør opp og ned bakkane atmed huset. Takk til "farmor" på øya som tok med snowboard fra Hovden.

♥GOD HELG FOLKENS♥

Klem Frøydis

1 kommentar: