mandag 8. februar 2010

Med aure på menyen

På søndag hadde vi aure på menyen, det er ein stor favoritt her i huset. Personleg likar eg best når fisken er filetert, og fullstendig beinfri. Eg har fullstendig panikk for at ungane skal setja bein i halsen. Det er så fort gjort og utruleg ubehageleg. Dumt viss ungane får skrekken pga eit fiskebein...

Uansett, det set ikkje noko stoppar for fiskeinteressa. Den er på topp og vi planlegg allereie masse fisking til våren/sumaren. Fantastisk kjekt for både liten og stor!

I dag skein sola meg rett i ansiktet inn på kontoret, kjente at eg nesten fekk vårstemning

Det er berre få veker til dei hundrevis av påskeliljene og perleblomane blømer utanfor huset. Gledar meg allereie!!! 

HA EIN FLOTT KVELD!

Klem Gunilla 

4 kommentarer:

  1. Nam nam nam!

    Klem F

    SvarSlett
  2. Vår dotter fekk fiskebein i halsen då ho var ca 5 år. Hu er vaksen no, men huskar enno at foreldra haldt henne opp ned og prøvte det meste for å få beinet vekk! Og resultatet er at ho alltid et halestykket på fisk.Får ho eitt bein i munnen er det slutt på det fiskemåltidet. Men mora et det meste av fisk, og gledar seg til steikt sild (med myyykje bein i). Silda er vel snart i butikkane no. Cilla.

    SvarSlett
  3. Mmmm. Det ser verkligen gott ut. Jag är lite osäker på vilken fisk det är måste jag erkänna. Språksvårigheter! Men jag skulle gärna smaka.

    SvarSlett
  4. Öring er det på svensk. Kjekt med svensk kommentar. Klem Gunilla

    SvarSlett