torsdag 3. desember 2009

Lucia-tog.



Det nærmer seg lucia-dagen og "staken" er komme ned frå loftet. I år står den på kjøkkenet, men eg ser på bileta at den stod på barnerommet i fjor. Igrunn koseleg, er jo ungane som går i lucia-tog. 

I går kom det ein flott, stor og nydeleg verdsborgar til! Han var aldeles nydeleg (fekk mms....). Gratulera så masse J+G+S og ikkje minst bestefar. Kjempe kjekt.  Vi gledar oss til å sjå han. 

Ha ei fin helg alle saman. Det nærmar seg jul og mykje skal gjerast i hus og heim. Til helga er planen å baksta litt pepperkaker og kakemenn. Vi er ikkje så glad i småkaker, men tradisjonane må vi halde på. I tillegg kunne eg tenkt meg å steike nordlandslefser. Mmmm... Etterkvart avansere med potetkaker, endå betre. 

Målet er å lage potetkaker i løpet av 2010. Nordlandslefser i 2009. Så får vi sjå om dagane strekk til...

PS. Marta, Vibeke, Guro og Frøydis, eldhuset og nye tradisjonar i 2010? Har vi ein plan? 

Stor klem frå

Gunilla 

2 kommentarer:

  1. EG er definitivt med på baking!!

    Klem F

    SvarSlett
  2. EG er med!!! Bestemma ein dag tidlig i julastyret og gi på!!!!

    V

    SvarSlett