tirsdag 1. desember 2009

Kalender og pepperkakehus!

Først og fremst vil eg takka mitt og mine for å visa oss den kreative julekalenderen du har laga til ungane dine. Eg likte den så godt at eg blei heilt "sjuk" etter å prøva meg på noko liknande. Det var absolutt heilt i mi ånd. No er posane sydd og fylt i meg all slags kjekke kalendergåver... Ungane er i ekstase.


Planen var å henge opp ein stål wire el liknande i trappeoppgangen, men sidan malaren akkurat har malt siste strøket.....så ligg no posane klar i stova i påvente av nytt oppheng... Jammen var det mykje jobb ja, men vel verdt det. Desse kan dei få med seg når dei blir "store."




Neste prosjekt var pynting av pepperkakehus. Ungane fekk fullstendig frie tøylar, og det er ikkje så vanskelig å sjå...tihi. Flinke!

Ha ei fin veke folkens!

Klem Frøydis

2 kommentarer:

  1. Tusen takk for så koselige ord!! Så fine posene dine ble!!

    Er så stas den tiden vi er inne i - med alle disse spente barna!!

    lekkert pepperkakehus. frie tøyler - akkurat slik det skal være!

    klem

    SvarSlett
  2. Frie tøylar er mest spanande:). Og ikkje minst ekta. Kjekkast for liten, og for stor. Posane blei kjempe fine. Målet for neste år. Tenk alt papiret, tapen og bandet vi slepp? Mykje koseligare med heimelaga posar. Klem Gunilla

    SvarSlett