lørdag 9. mai 2009

Ein mann som rir den dagen han salar!

Forrige sundag starta formiddagen med at naboen kom ned på vafler....Vi prata om laust og fast medan vi slost om vaflene som kom på løpande bånd... Vi bur tett omslynga av tanter, onklar og foreldre i idylliske Hagen. Rundt Hagen er det ein flott steinmur som våre besteforeldre laga til for veldig lenge sidan. Denne steinmuren er godt skjult av tett skog. Dette sa eg at eg hadde SÅ inderleg lyst å gjera noko med!!? Mitt kjære søskenbarn var ikkje verre på det enn at han gjekk å henta motorsaga.... Vi samla troppene og starta jobben:)
Gutane er klare til ei økt i Hagen... Dei ser sitt snitt til å selge veden vi tar ned. Mormor har allerede kjøpt to sekker for 100 kroner....

Motorsgmannen i fint driv. No skimtar vi steinmuren...
Ein heilt vanleg sundag i "Hagen".... To med motorsag, to som slår plenen, ein som ryddar rundt huset!!!


Det første stykket er tatt! Ein del røter må fjernast, og graset må slåast, samt at steinmuren må ordnast.... Dette blir KANON bra. No ventar vi på sol og opplett, slik at restane kan fjernast! Kjekt for eigarane av tomta, og stas for naboane!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar